Å klatre på naturleg sikring vil seie at ein bruker sikringsmiddel som ein set i formasjonar i fjellet for å sikre seg sjølv med. Mange vil seie at dette er den reinaste form for klatring, då ein ikkje etterlet seg noko i veggen i motsetning til bolta sportsruter. Med kiler, kammer og slynger i klatreselen og ein dose kunnskap og erfaring blir ein kvar fjellvegg ei potensiell klatrerute.
Gjennom god instruksjon og erfaring vert ein kjent med sikringsmidla og lærer seg å lese formasjonane i fjellet. Og med gode rutiner for taulag og kunnskap om enkel kameratredning kan ein bevege seg i bratt terreng og nå toppar på ein trygg måte.