Et ute

God mat er eit naturleg høgdepunkt når ein er på tur. Ein blir liksom ekstra svolten og set difor ekstra pris på maten. Å ete ute får ein ny dimensjon.

Førebuing til tur innebærer også planlegging og tillaging av ulike rettar. Skulen sitt eige turkjøken er ofte i bruk for å bake, steike eller tørke mat.  Spare vekt er ein motivasjon, variasjon er ein annan.

Og sjølvsagt lagar vi mykje mat ute i det fri. Då brukar vi ulike teknikkar og metoder der bålet spelar ei viktig rolle.

Du kjem til å bli overraska over kor mykje digg ein kan få til om ein har dei rette råvarene med seg.  Vi snakkar både middag og dessert, og ikkje minst ein god kaffi over bålet til slutt.

Turlivet er mykje meir enn slit og utfordringar, det er også gleda over gode smakar og deilige måltid.

Turmat
Turmat