Heile skulen på skikurs saman

Sjå for deg å ligge på skjær nedover nypreppa løyper i Hemsedal skisenter saman med 150 vener i strålande sol og 20 kuldegrader. Nettopp dette stod på dagsplanen til elevane på Nordfjord i veke 4. Du lurer kanskje på kva det vil seie å ligge på skjær? Før denne veka ville nok mange av elevane på folkehøgskulen stilt seg det same spørsmålet. I Hemsedal var nemleg heile skulen på skikurs saman, kor det å hjelpe elevane til meistring og til å finne skiglede stod i fokus.

Koronasituasjonen trua opplegget

Tradisjonen tru stod fellesturen til Hemsedal på planen i januar, men dette året var det lenge usikkert om det i det heile tatt skulle verte noko av skiveka. Koronasituasjonen trua heile opplegget. Ein ting var iallfall sikkert, det å skulle kome med 150 elever, tilsette og skiinstruktørar frå fleire kantar av landet til Hemsedal på ein smittevennleg måte krev planlegging. Veka før fekk vi klarsignal frå smittevernlegen i Hemsedal, og dei siste førebuingane kunne starte. For å få koma til Hemsedal var vi nøydde til å ta ein del førehandsreglar. Måndag føremiddag i veke 4 satt heile skulen på buss på veg mot sol, kulde og Hemsedal skisenter.

Sivert Brautaset

Frå tysdag til fredag stod skikøyring i fokus, og skikøyring vart det mykje av. Som i alt anna, handlar det også i skikøyring om å få mengdetrening for å verte god.

Skikøyring

Denne skiveka er perfekt for nettopp å tilbakelegge mange meter nedover med ski på beina. I år var det perfekte forhold for læring i skiløypene. Ikkje for hardt, ikkje for mjukt. Utanfor løypene var det nokså oppkøyrt og ikkje så mykje laussnø å finne, noko som kanskje var like greitt ettersom ein då slepp å bli freista til å køyre pudder når ein driv med teknikktrening i løypa. Vêret var det heller ikkje noko å seie på. Ei stor sol på himmelen, nesten ikkje vind og god sikt fylte dagane i skianlegget. At temperaturen krøyp ned mot 20-talet kjende ein på kroppen, men kledde ein seg godt var ikkje dette eit stort problem.

Rebecca Boyesen

Skiinstruksjon

Tysdag, onsdag og torsdag før lunsj hadde alle elevane skiinstruksjon. For å kunne gje god instruksjon og oppfølging er ein avhengig av små grupper og mange instruktørar. Instruktørane bestod av lærarar på skulen, stipendiatar og tidlegare elevar. I instruksjonen var elevane delt inn i grupper ut i frå ferdigheit, erfaring og kva type ski dei bruker. Det var instruksjon i randonee, telemark og fjellski.

Kva det var fokus på og kva det vart instruert i varierte litt frå gruppe til gruppe, men alle starta med å finne fram til ein god grunnposisjon. Vidare var det å finne flyt, korte svingar, lange skjærande svingar, kanting, kraftoverføring, dynamikk, stav-i-sett alle ulike element av instruksjonen. I instruksjonen vart det nytta mange ulike øvingar for å terpe på teknikken. Personleg tilbakemelding, kor det vart lagt vekt på både kva som var bra og kva som kan verte gjort betre var ein viktig del av instruksjonen og læringa. Under instruksjonen var det også tid for lek, for det å finne skiglede er tross alt det viktigaste.

Rebecca Boyesen

Etter lunsj var det duka for frikøyring. Her var det berre å sleppe seg laus og få testa ut kva ein har lært av teknikk. Når det er frikøyring kan det også vere litt deilig å ikkje heile tida tenke på korleis du køyrer. To av dagane var det også kveldskøyring som ein kunne utnytte viss ein ville. Desse dagane fekk ein verkeleg køyrt frå seg.

Bu og fritid

I tillegg til å køyre ski og gå på langrenn, hadde dei på linja Bu og fritid nokre kjekke prosjekt. Dei var på besøk sjå Hemsedal Huskies, og fekk prøve hundekøyring. Dette var verkeleg ei oppleving for livet! Desse elevane var også å klatra i Hemsedal klatresenter som ligg rett ved skisenteret.

Meir enn berre ski!

Sjølv om skikøyringa står i fokus desse dagane i Hemsedal, er denne fellesturen mykje meir enn berre ski. Alle elevane vart delt inn i grupper på 10-20 personar på tvers av dei ulike linjene som budde i hytter saman. At ein berre vart plassert på ei hytte bidrog til betre kjennskap til andre elevar. Hyttene var like ved skisenteret, så ettersom ein på grunn av smittevern ikkje kunne nytta varmestovene åt dei fleste lunsj på hyttene deira. Middag fekk vi servert kvar dag på Hollvin Restaurant & Bar som ligg midt i skitrekket. Skikkeleg luksus! Om kvelden var det tid for badstu, avslapping, gode samtalar og kveldskos på dei ulike hyttene.

Peder Undheim

Takk, Hemsedal, for ei nydeleg veke med heile skulen på skikurs. Elevane fekk oppleve meistring, skiglede og mange hadde stor progresjon i eigen skiteknikk. Vi er rett og slett klare for ein ­­episk sesong med mykje skiglede!