Siste tur med gjengen

Den siste fellesturen på våren er ei pilegrimsvandring som startar på det forblåste og mektige Stadtlandet. Dette er ei utruleg god avslutning på året i eit landskap heilt utanom det vanlege.

Ein går frå sandstranda, opp på toppane og kikkar ut på storhavet, ruslar med folk ein har blitt glade i og folk ein har delt mange flotte opplevingar med. Det er tid til å snakke, synge og tenke. 3 dagar der tida flyt litt ut og havlufta fyller lungene.

Ein pilegrim er eit menneske som legg ut på ei vandring der ein oppsøker eit heilagt mål, vil tenke igjennom noko, eller vil vise at ein er takknemleg. Vi trur at vår pilegrimstur kan romme alt dette.

Turen vår endar på Selja, som har vore pilegrimsmål og kloster gjennom mange århundre. Stemninga på denne øya må du berre oppleve. Det er nesten som om tida har stått heilt stille, og du får ro til å både å koble av og koble på. Du kan lese meir om denne spesielle staden her: http://www.seljekloster.com