Fjellskitur i Jotunheimen

Fjellskitur i Jotunheimen byr på fleire postkortbaserte syn og opplevingar. Hit drar Friluftsliv / Ekspedisjon og Friluftsliv / Norske eventyr, på ein ti dagars ekspedisjon på fjellski i februar/mars.

Når ein legg ut på ekspedisjon gjennom Jotunheimen, der datoen for turen er bestemt nokre månader før, veit ein aldri korleis vêret blir. I tillegg, kan vêret i Jotunheimen, snu veldig raskt. Ein må derfor sjekke oppdatert vêrmelding så ofte ein kan, på dei få stadene det finst dekning.

Andre dag på turen, var det mitt kokelag sin tur til å vere turleiare. Vi hadde planlagt på førehand. Men da det kom meldingar om at det skulle bli uvêr, som skulle kome rundt klokka 12 neste dag, måtte vi omstille oss.

Planen var eigentleg å gå til Leirvatnet denne dagen. Dag 3, skulle vi gå vidare, og komme til Olavsbu på kvelden, og bruke dag 4 til hviledag.

På morgonen dag 2, vart den nye planen å så langt som mogleg, stå opp tidlig neste dag, for å nå fram til Olavsbu før klokka 12, da uvêret skulle komme.

Vi starta å gå frå camp rundt klokka ni, og allereie etter ein time, byrja vi å stresse, sidan vi ikke gjekk fort nok for å rekke så langt som vi hadde håpt. Mitt kokelag, som var turleiare, måtte få gruppa til å innsjå kvifor vi måtte pushe oss litt ekstra for å nå dagsmålet, sjølv om vi var like slitne sjølv.

Vi gjekk i fleire stressande timar, med gnagsår, dårleg sikt og tunge pulkar. Vi passerte Leirvatnet. Etter dette kom vi til ein skikkeleg motbakke, der vêret stod på, pulkane byrja å velte og vi måtte dytte kvarandre oppover. Og eg veit ikkje kva som skjedde, men på toppen av denne kneika, byrja vi å snakka om vi skulle gå heilt fram til hytta. Alle stålsette seg på at det var det vi ville, framfor å måtte slå opp telt, og alt det styret det inneber, for å så måtte slå det ned igjen grytidlig dagen etter, for å gå siste rest fram til hytta.

Alle fekk ein slags ny motivasjon, og ein kunne gløyme litt om det som skjedde akkurat der og da. Med hytte og kviledag som mål, var det det som etterkvart dreiv oss. Eg vart stadig meir og meir imponert over kva alle fekk til og korleis alle pusha seg sjølv, hjelpte kvarandre, song og heldt motivasjonen oppe i gruppa!

Når mørket kom, himmelen åpnet seg og vi gikk under stjernene, kan i i alle fall jeg si at det var verdt det. Det var helt magisk, og det er flere som trekker fram akuratt dette, som det øyeblikket fra turen, de husker aller best.

– Helene Lerberg Riiser

Dette gav oss ei ro. Plutseleg vart alt så mykje enklare, vi kom oss opp fleire kneiker. I mørket kom vi endeleg fram til hytta klokka halv tolv på kvelden, fulle av lykkerus, mestringsfølelse og stoltheit. Dei fleste tok berre ut det aller viktigaste av pulkane og hoppa rett i køyene uten å gå på do eingong, og slokna rimeleg fort.

Vi kunne no ta to velfortente kviledager. Roen var senka seg, og hyttelivet styrte seg sjølv. Det var utruleg herleg å kunne sove i senger og berre kunne sove ut, og vakne av oss sjølv. Det var heilt herleg! Denne dagen brukte vi stort sett på kortspel, gitarspilling og godterispising!

Nokon fekk lufta seg på ein liten topptur. Sjølv om dei var slitne i kroppane, følte dei seg mange kilo lettare, etter at dei no kunne gå utan pulk.

Andre kviledag vakna vi til ein nydeleg fellesfrukost. Vi levde livet, og lada batteria. No var det verste av uvêret passert. Sola kikka fram, og alt berre klaffa. Vi var klare for å gå vidare.

 

Foto: Jonas Eng