Ut mot havet

Havet og fjordane har enormt mykje å by på. Ei smekkfull kjelde av matressursar, men også ein arena for leik, moro og læring. Og det er på det same havet som sjøfolk i generasjonar har ferdast at me skal få teste våre grenser.

Når segla vert heiste på skulen sin eigen seglbåt, «Medvind», er det berre styrmannen som set begrensningar for kvar ferda går. Med flittig samarbeid og taktfast shantysong vert segla trimma, og skuta rettar kursen mot nye mål. Inn fjorden mot foten av flotte fjelltoppar eller ut mot det opne havet der fiskelukka lokkar

I kontrast til seglbåten med kraftig vind i segla glir kajakken lydlaust gjennom vatnet. Med åra i handa kan du manøvrere deg tett på land mellom holmar og skjær og oppleve naturen frå ein annan vinkel. Og etter eit kameratredningskurs og ein del nye styretak på repertoaret vil du raskt bli kongen på havet