Surfebølgjer og fjelltoppar rett utanfor stovedøra.

Turistnæringa marknadsfører den geografiske destinasjonen Nordfjord med slagordet ”Alt i ein fjord”. Det er ganske bra sagt. Du kan sjå på Nordfjord som eit stort og innhaldsrikt klasserom.

 

 

YTTERST
Stad ligg så langt mot vest som det er mogleg å kome i fastlands-Norge. Her slår havet inn over sandstranda, og lagar surfebølger du kan bryne deg på.

 

INNERST
Innerst i Nordfjord ligg breane og dei høgaste fjelltoppane. Du lærer å ferdast i blåisen, og korleis du kjem deg til topps her i livet.

 

NABOEN
Side om side med Nordfjord ligg Sunnmørsalpane. Biletet av Bladet har du sikkert sett før. Neste gong kan det vere du som står på toppen.

 

MIDT I SMØRAUGET
Rett utanfor døra ligg Gloppefjorden, skogen, gapahukane, sykkelstiane, og fjelltoppane. Ein treng ikkje å reise langt når ein bur midt i smørauget.