Mykje skjer i løpet av ei veke, og eit år. Dette er hovudområda elevane er innom gjennom skuleåret:
Arbeidstrening
Vi har ein sløydsal som vert nytta til ulike oppgåver innan trearbeid: utforming, boring, skruing, pussing, lakking og maling. Ein kan lage enkle møblar og utstyr til eigen bustad, som t.d. dørskilt, skjærefjøler, kjøkenreiskap i tre, hyller, TV-bord, skohyller og ulike typar fat.
Ellers får ein dette året også erfaring med kjøkenteneste på skulen. Då
må ein dekke bord, servere, lage til kveldsmat, og ta seg av oppvask og golvvask i matsalen.
Nokre elevar går meir enn eitt år på Bu-og fritidslinja. Andreårseelevar kan få andre utfordringar som t.d.utplassering/praksis på ein nabogard eller hjelpe vaktmeistrane på skulen.
Rom og kle
Elevane vert veileda av ein tilsett ein fast dag i veka for å lære å rydde, støvsuge og vaske eige rom og eige bad. Dessutan gir vi opplæring i bruk av vaskemaskin. Elevane lærer å sortere, vaske og tørke klede, og halde orden i klesskåpet.
Ein set og fokus på personleg hygiene, klesskift og liknande.
Matlaging og personleg økonomi
Ein lærer å lage enkle rettar ut frå oppskrifter, og lærer også om kva som er sunt og godt å ete. Dette er tilpassa hybellivet ein del av elevane skal inn på etter skuleåret på Nordfjord folkehøgskule.
Kvar veke skriv elevane handlelister og reiser på butikken for å handle. Lærar følger opp økonomistyring, inkludert nettbank, for dei dette måtte vere aktuelt for.
Turdag
Ein dag i veka har vi turdag. Nokre gongar går vi lange turar og andre gongar korte turar. Når vi går dei korte turane brukar vi å trene på å fyre bål, og lage god mat på bålet. Dette er for å auke turgleda og nyte kor godt det kan vere å kome seg ut i naturen. Vi varierar mellom grusvegar, traktorvegar og stiar. Vi kan og padle kano og/eller kajakk, ta oss ein rotur, reise på fisketur eller prøve stisykling på fjell og i skog. Når snøen kjem går vi på ski, akar på akebrett eller bygger oss snøholer og snøklokker.
Når heile skulen reiser på turar saman er også bu-og fritidslinja med på dette. Dette inkluderer mellom anna tur med Statsraad Lehmkuhl, kystfriluftsliv, skidagar og pilegrimstur .
Sosial trening
Eit år på folkehøgskule gir veldig mykje naturleg sosial trening. Ein er ilag med folk på internatet, ein et måltida saman og ein har felles aktivitetar. På Nordfjord folkehøgskule legg vi vekt på integrering på så mange område som mogleg, samstundes som elevane på linja også får tid til å vere ilag berre med kvarandre.
I tillegg til alt dette er vi også innom
Kriterium
I vurderingane ved opptak må vi også ta omsyn til at vi berre har ei sovande nattevakt, og at vi ikkje har helsepersonell på internatet.
Tilbodet vårt krev at eleven får ekstra økonomiske ressursar frå NAV, og derfor startar vi opptaksprosessen så tidlig som i november. Før vi startar prosessen med resurssøknad og endeleg opptak, ynskjer vi å få besøk av eleven.
Søknadsprosess