Surfetur til Biarritz.
KRIK på fjelltur

Innhald på linja

Surfetur til Frankrike/Biarritz
12 dagar
Skikøyring i Sunnmørsalpane
2-3 dagar
Toppturar haust og vinter
10-15 dagar
Kiting
2 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Isklatring
1 dag
Bibel og surf i Hoddevik
3 dagar
Klatring
3 dagar
Elvekajakk
2 dagar
Bretur
2 dagar
Havkajakk
2 dagar
Beachvolleyball
3 dagar
Ballsport
2 dagar
Nettsport
2 dagar
Kystveke
2 dagar
Via ferrata Loen
1 dag
KRIK-linjesamling
4 dagar
Leiartrening
3-5 dagar
Vandretur om hausten
3 dagar
Skredkurs
3 dagar
Felles snøholetur
3 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skiveke i Myrkdalen
5 dagar
Fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen
4 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Segltur til Shetland med Statsraad Lehmkuhl
5 dagar
Sjå meir +
Det blir sprakande bål og stille morgonar. Teltliv og topptur. Idrett, friluftsliv, ungdom og tru. Rom for å undre seg, stille spørsmål og lære. Om Gud og medmenneske. Om deg sjølv. Om terrengsykling, surfing, kiting.­ Elvekajakk, klatring og ski. Det finst så mykje under ein open himmel.
Poster Image
Sjå filmen
"Året på Nordfjord var helt fantastisk! Jeg lærte utrolig mye om friluftsliv, kristenlivet og om meg selv. Kaffen i sofaen, turene, og folka gjorde året uforglemmelig! KRIK-linja var variert og man fikk prøve litt av alt, som var veldig bra for meg!"
- Vegard Dugstad

Meir informasjon om tilbodet på linja

Du får utforske skaparverket. Eit år på KRIK er fylt med nye utfordringar, spennande opplevingar, gode venner og minner for livet!

Med fjorden, fjella og breen rett utanfor døra ligg alt til rette for store naturopplevingar. Vi skal klatre, padle kajakk, prøve elvekajakk, sykle i terrenget og utforske fjellheimen gjennom toppturar og tindebestiging. Vi skal òg vandre på breen, surfe på bølgjene i Hoddevika og nyte livet rundt bålet. Det blir både action, utfordringar og rolege stunder i vakker natur. Eit av dei store høgdepunkta på høstern er surfeturen til Biarritz i Frankrike. Her får du to veker med surfing, sol, bading, beachvolleyball og gode opplevingar saman med klassen.

Når vinteren kjem, byter vi ut sykkel og kajakk med ski og snowboard. Vi skal utforske fjella på toppturar, lære om trygg ferdsel i vinterfjellet og nyte puddersnø og flotte skidagar. Skikurset i Myrkdalen er eit høgdepunkt, og med dyktige instruktørar får du utvikle deg uansett nivå.

KRIK handlar om meir enn aktivitetar. Gjennom året får du utforske kristen tru, bli betre kjend med deg sjølv og oppdage kva plass du har i Guds skaparverk. Vi samlast til bibelundervisning, samtalar, bøn og refleksjon, og deler både tru, tvil og liv med kvarandre. Du får òg utvikle deg som KRIK-leiar gjennom praktisk leiartrening, friluftsliv og aktivitetar. Vi engasjerer oss i lokalt ungdomsarbeid, og du får møte erfarne KRIK-leiarar som inspirerer og utfordrar deg. Du får òg høve til å delta på KRIK si nyttårsleir Explore på Lillehammer. Etter skuleåret kan du bli prioritert dersom du ønskjer å vere leiar på Action eller KonfAction.

På KRIK-linja får du oppleve det beste naturen har å by på, samtidig som du blir utfordra til å vekse som menneske og i trua di. Her ventar eit år med mykje aktivitet, nye vennskap, meistring og eit fellesskap der du kan vere deg sjølv.

 

Pris på linja finn du her

Sjå meir +

PAKKELISTE

Klede
• Turbukse
• Badetøy
• Fjellstøvlar
• Lue, hals og vindtette vottar
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Skalljakke og skallbukse, vind og vanntett
• Ullstillongs og ulltrøye, lurt med minst to sett
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk utearbeid
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse såler til trening inne.

Turutstyr
• Dagstursekk- bør romme min. 30 liter
• Ryggsekk- bør romme min. 70 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose- må være varm nok til at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren)
• Hodelykt
• Solbriller
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp i hardplast
• Kniv
• Termos
• Drikkeflaske
• Matboksar: Ta med fleire. Til bruk både på skulen og på tur. Hugs å merke dei godt. Isboksar fungerer kjempebra til matboks på tur.

Vinterutstyr
• Ski: Randonee eller telemarkski med stålkantar
• Skistavar, gjerne teleskopstavar
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Alpinbriller
• Snøspade og søkestang

Til rommet og internatlivet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putetrekk
• Handkle
• Klehengarar
• Kopp, glas, tallerken, skål og bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Febermålar, paracet osv
• Sykkel og sykkelhjelm – dersom du har (til bruk i nærområdet til skulen på fritida)

Dokumenter
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før tur til Frankrike på hausten og segltur med Stadtsraad Lehmkuhl.
• Europeisk helsetrygdekort: Gjev deg rett til nødvendig medisinsk behandling i EU/EØS-land.
• Reiseforsikring: Alle må ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å være sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.

 

NB!
Du treng ikkje alt som står på lista frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.

Sjå meir +