Fjella reiser seg brått opp
av havet. Bratte og ville!
Og det er opp dit du vil.
Opp og kjenne vinden ruske
i luggen i det utsikta tek
pusten frå deg. Ein pust
som litt lengre nede i
fjellsida ropte etter luft.
På ein fiskebåt langt til
havs har nordmenn i lang
tid sanka mat. Og dette
tradisjonelle lofotfiske kan
vi også i dag få oppleve.
Ombord i båten startar også
vår ferd ut mot havet der
fisken leikar og lokkar på
tålmodighet og innsats.
Med fiskelukka på plass blir
det fort eit festmåltid av
eigenfiska storfisk.
«Han sag ut paa det baarutte Havet, der var ruskut aa leggja utpaa men der leikade fisk ned i kavet og den Leiken, den ville han sjå».
- Ivar Aasen – Nordmannen
Nordlyset og dei bratte fjellsidene
rammar inn Unstad si kvite
sandstrand. Og når Atlanterhavet
serverer denne perla av ein
plass med bølger kan ein ikkje
be om så mykje meir.
Ein surfars paradis.
Og etter god instruksjon
og litt tolmod er det du som
står der. Surfande inn på det
friske havet. Og kaster ein
shaka til ein jublande venn!