LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Ekspedisjon

Linjefag: EkspedisjonDei lengste turane

Ekspedisjon! Eit ord lada med forventningar, med spenning, med Roald Amundsen, med Cecilie Skog, med Mount Everest og Sibir. Eit forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det kjente og inn i det ukjente saman med folk du stolar på. Saman med folk du vil dele opplevingar med. Saman med gode vener. Hos oss skal du på lengre ekspedisjonar til tre av dei mest alpine fjellområda i landet vårt: Svalbard, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Du kan sjå fram til bre, skredkurs og klatrekurs, padling og ikkje minst; ei lang rekkje overnattingar i telt og under open himmel.

Dette året vil krevje mykje av deg. Er du klar?



Ekspedisjon innhald

Skitur på Svalbard
Hausteventyr
Langtur i vinterfjellet
Skredkurs
Brekurs
Havkajakk
Skileik
Vandretur på hausten
Kite/surfing
Toppturar på ski
Terrengsykling

10 - 12 dagar
8 - 10 dagar
6 - 8 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar
1 dagar
3 dagar
3 dagar
5 dagar
? dagar

Tinderangling
Skiveke i Hemsedal
Klatring
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
Kokelagstur
Pilegrimsvandring
Snøholetur
Førstehjelpskurs
Åleinenatt

3 dagar
5 dagar
3 dagar

5 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar
2 dagar
2 dagar

 


Lange turar skaper eit sterkt samhald i klassen, og etter eit år på ekspedisjonslinja sit du igjen med mykje turerfaring.

Friluftsliv/ekspedisjon er ei linje der kunnskap om og nærleik til naturen står sentralt. Lange turar set djupe merke i ein, og vi håpar året vil vere eit utfordrande eventyr på mange plan.

Lengre turar og mange utedøgn krev at vi må improvisere og finne løysningar undervegs. Utstyr må reparerast og vi får sosiale utfordringar. Du vil lære å orientere, leggje opp vegval, bestemme leirplassar, kva du bør ha med og samtidig pakke lett.

Tørking av mat og god turmat vil vi også arbeide med. God mat på lange og krevjande turar betyr enormt mykje. Det vil bli mange netter i telt og under open stjernehimmel.

Før og mellom dei lange turane våre vil vi reise på kortare turar. Her lærer vi det grunnleggjande i generelt friluftsliv, ferdsel på bre, kanopadling i elv, klatring og havkajakk. Basiskunnskapane vil kome i forkant av dei større turane, slik at vi er godt budde før vi reiser. I tillegg reiser vi til Sunnmøre på topptur og går på kjende fjell rundt Nordfjorden.

10 dagars hausttur
Vi går i fjellet og padlar kano i elv eller havkajakk. Tidlegare har vi kryssa fjellområde som Femunden, Trollheimen og Dovrefjell. Du får prøve deg som turleiar og bli fortruleg med bruk av kart og kompass. Vi blir godt kjende med kvarandre, og får oppleve fjellet i sine finaste haustfargar.

Vintertur på ski
Om vinteren går vi ein lengre tur på ski i Jotunheimen. Vi kjem til å overnatte både i telt, snøhole og på hytte. Vi vil veksle mellom å ligge i basisleir og gå på toppar, og å vere undervegs.

12 dagars tur til Svalbard
Svalbard er ein del av Arktis som er fantastisk, men samtidig svært krevjande å ferdast i. Vi går ein lengre skitur på Nordenskjøldland der vi får brukt alt det vi har lært i løpet av skuleåret. Vi blir kjende med kvarandre på ein ny måte i det kalde, utruleg flotte landskapet. Du lærer korleis du går på tur på Svalbard med tanke på isbjørn og kulde. Vi vil også lære om Svalbard som samfunn og om øygruppa sin kultur, historie og geologi.
 

Turar treng mykje planlegging. Vi lærer om gruppeprosessar og korleis vi får ei gruppe til å fungere best mogleg. Tidleg på vinteren får du opplæring i telemark og basisferdigheiter i vinterfriluftsliv. Vi skal innom mellom anna bekledning og utstyrslære. På skredkurs lærer vi snøkjennskap, skredvurdering og kameratberging ved skred.

Her finnn du pakkeliste for Friluftsliv/Ekspedisjon

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Ekspedisjon