Valfagmodular
Vi delar skuleåret inn i tre valfagmodular. Vi har valfag på måndag og tysdag, og det er frå fem til åtte valfagveker i kvar modul. På måndagane er alle valfag på to timar, medan på tysdag går dei over heile dagen. Du velger valfag etter at du har kome til skulen.

Prosjektveker
I prosjektvekene er timeplan eit framandord. Då er det store enkeltprosjekt i ei heil veke, og du kan for eksempel delta i tradisjonsmatlaging, toppturar, jakt, motorsagkurs, praktiske uteprosjekt, bibelskule, treningsleir, kystveke, vinter-telttur, kurs i teikning og maling eller kiting. Vi har tre ulike perioder med slike val-veker gjennom året. Oversikt over alle prosekta finn du lengst nede på denne sida.

VALFAG - Modul 1

Terrengsykling og stibygging
Vi syklar i skog og på fjell. Forhåpentligvis let snøen vente såpass på seg at vi får til nokre turar litt opp i høgda. Dette kan være litt slitsomt, men hvis du er motivert får vi det veldig gøy. Vi skal også få litt erfaring med stibygging. Det vert vedlikehald/utbetring av eksisterande sykkelstiar, og vi har fått tilgong til eit nytt område der vi skal få lage en ny sykkelsti.

Klatring

Lurer du på om klatring er noko som passer for deg? På dette valgfaget får du muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Vi reiser til Sagaflåten og til klatrehallen på Sandane. Det vil bli mulig å ta brattkort-test i løpet av valgfaget.

Grunnkurs havkajakk
Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter Grunnkurs Hav. Du får då eit våttkort, som er eit bevis på at du har kurs innanfor kursstigen til Norges Padleforbund. Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. To av dagane er det rulletrening i basseng.

Fotografi
Folkehøgskuleåret er eit år proppfullt med minner. Minner som kan være flotte og forevige, slik at ein kan sjå tilbake på det gong etter gong. På foto valfag lærer vi å finne dei gode motiva, få kunnskap om teknikk og komposisjon, samt etterarbeid/redigering av bilda.

Mat i det fri
Bålmat er uendeleg mykje meir enn svidde pølser. Lær å bli god på å lage deilig mat på bål! På dette faget får  du kunnskap om ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun, og i tillegg får du lage både godt tilbehør og fine turdessertar.

Fotball
Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt ute, og kan leige kunstgrasbane dersom det er vått. Det er hovudvekt på samspel, og i desember reiser vi med to skulelag (7’ar fotball) til ei årleg fotballturnering for folkehøgskular.

 

Buldring
Å buldre er å klatre innandørs, på steinar, låge klippeveggar el.l. utan sikring.  Skulen har ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg og her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter. Det blir også tur til Hamna på Nordfjordeid for å teste buldreveggen der.

Fjelltur
Vi bur midt i smørøyet og på dette valgfaget skal vi utforske turmoglegheitane vi har rundt oss her på skulen.

Golf
Viss du vil prøve, eller begynne med golf er dette valfaget for deg. Her vil du få lære grunnleggjande teknikk, reglar og korleis ein skal opptre på golfbana. Kurset er praktisk retta og vil i stor grad haldast ute på treningsfeltet/bana. Det vil bli tilpassa alle nivå, så du treng ikkje å ha spelt golf tidlegare, og alt av utstyr kan lånast. For å spele golf på baner i og utanfor Noreg er dette kurset eit krav. Etter kurset vil du få medlemsskap i Sandane Golfklubb ut 2022, og dermed kunne spele gratis på deira bane ut året.

«Heilt grøn»
Vi skal tenkje grøne tankar og lære nye triks for å kunne vere litt meir miljøvenleg i kvardagen. Vi skal lage eiga såpe av m.a. kaffigrut, lage verdens beste salve og lypsyl av ringblomst, resirkulere papir til å lage kort av og tørke eple som alternativ til twist og anna godt innpakka snop.

Kråssbu
Allsidig trening er her eit stikkord. Vi skal lære teknikk, løfte vekter, svette, puste og nyte følelsen av ei intens og kjekk treningsøkt. Det blir eit variert program kor vi er innom både kondisjonstrening og rein styrketrening eller ei kombinasjon. Det blir høg musikk, svett og god stemning!

Terrengsykkel
Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar.

Trearbeid
Vi fokuserer på knivkurs der du lærer å lage knivskaft og sy slire i skinn. Du kan også få lage mindre bruksting som  eigen matboks i sveipeteknikk, dreie ei skål, lage ein kniv med slire eller pizzakniv, skjerefjøl og ostehøvel.

Foil
Eit samarbeid med Nordfjord aktiv. Du får prøve e-foil, wingfoil, wakeboard og andre brettaktivitetar

Norskopplæring
Grunnleggjande opplæring i norsk, både munnleg og skriftleg. (Basic Norwegian)

Hybelkokken
Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke frå kjøkkenskapet heime? Her vil du lære å lage enkle, raske og gode rettar utan at lommeboka tømmast fullstendig.

Bistand
Vi jobbar i lag med korleis vi kan samla inn gode pengar til sjukehuset i Okhaldhunga. Samtidig lærer vi om både viktigheita av og ufordringar med bistandsarbeid.

Sjå meir +

VALFAG - Modul 2

Langrenn
Har du ein draum om å få gå i same løyper som sjølvaste Odd-Bjørn Hjelmeset, Vereide sin store skihelt? Ønskjer du å lære litt om langrennsteknikk? Dette faget er både for den som har gått mykje og lite, men vi vil fokusere på grunnleggande teknikk – klassisk stil. Her vert det øvingar, leikar og hard trening for den som vil.

Topptur/Skred
Vi skal jobbe mykje med vurdering av skredfare, skredvarsling og korleis ein kan gjere trygge veival på tur.  Nokre gonger kjem vi til å gå på nokre av dei flotte fjella vi har i nabolaget, men det er ikkje sikkert vi siktar oss helt mot toppen kvar gong. Det viktigaste er å lære, erfare og diskutere underveis. På nokre emner vil vi dykke litt lenger ned, men i hovudsak dreiar det seg om å få mengdetrening innan dei emna ein lærer om på skredkurset tidleg på vinteren saman med alle dei andre elevane.

Topptur/fjellski
Toppturer på ski. Vi går i passe bratt lende og lærer korleis gå både opp og stå ned på skia. Passer og for deg som er heilt fersk på randonee.

Topptur/kite
Dette er for deg som vil lære å utnytte krafta i vinden ved hjelp av kite. Vi ser an vinden og værmeldinga og reiser dit vinden og snøen er. Om vinden avtek vert det å bruke beina, skia og fellene og traske til toppen i staden. Feite opplevingar ventar uansett.

Trearbeid
Vi fokuserer på knivkurs der du lærer å lage knivskaft og sy slire i skinn. Du kan også få lage din eigen matboks i sveipeteknikk, dreie ei skål eller lage bruksting som pizzakniv, skjærefjøl og ostehøvel.

Topptur
Vi nyttar dei lokale fjella og topprturar på ski.

Keramikk
På keramikken brukar vi ulike teknikkar, du får også prøve dreiing. Produkta tørkast og blir brent og glasert iløpet av skuleåret. 

Klatring og buldring innandørs
I tillegg til mykje klatring og buldring blir det litt skruing av ruter, jumarering og isklatring dersom det er forhold til det i området

Utstyrslaging
Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så alt ligg til rette for at du skal få supplert litt på utstyrslista di.

Sjå meir +

VALFAG - Modul 3

Ballspel i gymsalen
Velkommen til varierte ballaktiviteter i gymsalen. 

Kråssbu-trening
Allsidig trening er her eit stikkord. Vi skal lære teknikk, løfte vekter, svette, puste og nyte følelsen av ei intens og kjekk treningsøkt. Det blir eit variert program kor vi er innom både kondisjonstrening og rein styrketrening eller ei kombinasjon. Det blir høg musikk, svett og god stemning 

Kondisjon 
I dette valfaget vil du få trene varierte og kjekke økter med fokus på kondisjon. Hovudfokuset vil ligge på intervalltrening der du vil møte både nye og kjente treningsformer. Kanskje vil du også få litt ny inspirasjon. Det perfekte faget for deg som vil forbetre din kondisjon, og samtidig bli litt sliten. 

Båtførarkurs 

Båtførarkurs og eksamen. Dersom båten er over 8 meter og/eller har 25 HK eller meir treng du båtførarprøve. Med berre 4 måndagar krev det noko leksearbeid. 

Buldring 

Vi har ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg og her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter. 

Skinnarbeid 

Du lærer å arbeide i skinn, bruke rett verktøy og lage bruksgjenstandar som varer. Du kan  lage ditt eige skinntrykk og sy med nål og tråd. Det du kan lage er pose til niste/ turkaffi, sitjeunderlag eller vottar.

Viktige ting du bør vite i livet 

Det er nokre ting som er veldig lure å vite litt om i livet. I dette faget skal vi mellom anna innom verdens beste sjekketriks: å kjenne til dei 5 kjærleiksspråka menneske har. 

Undervegs vil vi også vere innom tema frå leiarskapsfag og vi vil også sjå på krafta i ein skikkeleg beklagelse (i motsetnad til ei bortforklaring). Yngvild og Hildegunn deler på faget og på å dele av tema dei sjølve gjerne skulle fått høyre om på folkehøgskulen. 

Gitar
Er du så å seie blank på gitarspeling, men har lyst til å lære? Då har du sjansen no. Vi skal øve på ulike grep, på klimpring og litt fingerspel. Ta med gitar og ein yndlingssang du gjerne vil lære!

Strikking
Strikking valfag kan du velje om du er heilt nybegynnar eller om du har strikka litt frå før. Du lærer bl.a. dei grunnleggjande teknikkane i strikking og å følgja eit mønster. Har du ein del erfaring, kan du sjølv velje noko du vil laga.

Vegetarkokken 

Her får du lære å lage vegetarisk middag. 

Sjå meir +

PROSJEKTVEKE 45

Jegerprøve
Mange vil gjerne oppleve spenninga med å gå på jakt, men før ein kjem så langt må jegerprøven vere i boks. Dette er eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt prøva, og dermed kan vere klar både for små-og storviltjakt (for å gå på storviltjakt må ein i tillegg skyte den obligatoriske jaktprøven)

Trearbeid og keramikk
Du kan lage deg eit prosjekt på sløyden som longboard, snowboard el.  Du kan dreie, sveipe, lage kniv, pizzakniv, skjerefjøl eller anna du måtte ønske. På keramikken brukar vi ulike teknikkar, du kan også prøve dreiing. Produkta tørkast og blir brent og glasert iløpet av skuleåret.

Motorsagkurs
Kurs i motorsag og felling av trær. Kursdeltaker får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikker. Sikkerhet og sikkerhetsregler. Deltakerne får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Motorsagkurset varer i to dager og resten av tiden blir brukt i skogen til å praktisere det du har lært.

Klatring
Lurer du på om klatring er noko som passer for deg? Denne prosjektveka får du muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Klatring i ulike hallar: Trivselshallen på Sandane, Hamna på Eid og Sognahallen i Sogndal. Det vil bli mulig å ta brattkort-test i løpet av vekene.

Surf
Hoddevika byr på god surf, fantastisk natur og god stemning. Vi skal oppleve alt kva Hoddevika har å by på. I tillegg til mykje vikingsurf i friskt norsk hav skal vi lære meir om å lese bølgjevarsel, forstå korleis bølgjer dannast og kva for forhold vi ynskjer. På kveldstid vert det god tid til å få att varmen under eit pledd i sofaen med gitar og sjarmerande allsong.

Terrengsykling og stibygging
Vi syklar i skogen. Dette kan være litt slitsomt, men hvis du er motivert får vi det veldig gøy. Vi skal også få litt erfaring med stibygging. Det vert vedlikehald/utbetring av eksisterande sykkelstiar, og vi har fått tilgong til eit nytt område der vi skal få lage en ny sykkelsti.

Din tur

Planlegg og gjennomfør din eigen tur.

Sjå meir +

PROSJEKTVEKE 48

Denne veka spreier vi oss rundt om i vårt eige fylke på ulike prosjekt. Nokre stikk på jakt med geværet i handa. Andre vil oppleve havet på nokre meters djup.
I ein svett gymsal vert det leika fram kondis og på skulekjøkenet tryllar ein fram deilige rettar.  Og som om ikkje det er nok; dei snøkledde Vestlandsfjella lokkar skiglade elevar ut på tur .

Fridykking
Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for pusting. Vi vil starteveka med å bli kjent med utstyret og litt dykking i Gloppefjorden.
Det kan bli tur til enten
a) Kinn, ei øy litt sørvest for Florø, eller til
b) Norangsdalen på Sunnmøre, der det blir dykking ved støylsruinane i Lyngstøylsvatnet.

Sport og spel
Her tek vi sikte på å prøve mange ulike sportar og aktivitetar. Noko har du kanskje prøvd før, medan noko er heilt nye for deg.  Hovudfokus på aktivitet og leik, samtidig som vi skal øve å utvikle våre ferdigheiter. Aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash, golf, disc-golf, og ulike variantar av desse er blant aktivitetane vi kan komme innom.

Utstyrslaging
Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr  frå Norrøna, så alt ligg tilrette for at du skal få supplert litt på utstyrslista di.

Klatring i hallar + isklatring
Lurer du på om klatring er noko som passer for deg? Denne veka får du muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Klatring i ulike hallar. Kanskje blir det ein tur til Hemsedal og isklatring. Det vil bli mulig å ta brattkort-test.

Fyrvandring
Kysten og havet er fylt av store kontrastar. Frå blikkstilt hav og sol i luggen til bølgesprut og storm i sydvesten. I dette landskapet har menneske levd i lange tider og etterlatt seg mykje kultur og historie. Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.

Jaktveke i Høyanger
Hjortejakt med omtrent garanti for uttelling, i eit veldig flott område å bevege seg i. Vi bur i flotte jakthytter rett ved sjøen.

Julebakst og tradisjonsmat
Vi bakar lefser, gjærbakst med julepreg, småkaker og julegodt. Perfekte julegåvar eller til å kose seg med sjølv. Vi avsluttar med julelunsj siste dagen denne prosjektveka.

Trening og tur
Ulike formar for trening og tur. Ei heil veke med stor variasjon, svette og moro. Det blir uthald i form av løping og spinning. Styrke med og utan kroppsvekt, og crossbu-trening. Vi kjem til å tøye litt og ha gode refleksjonar rundt funksjonell og morsom trening. Med dette forbereder vi oss til topptursessongen, julebordsessongen og kickstarter kanskje ein ny treningsmotivasjon?

Sjå meir +

PROSJEKTVEKE 10

Prosjekttur vinter
Vintertur kombinert med toppturar. To netter i telt. Dei andre dagane bur du på skulen. Turområde blir i Gloppen eller i ei av nabokommunane. Det kan bli basecamp i Jølster med toppturar eller overnatting i Svatebotn ved Myklebustbreen og dersom vêrforholda tillet det, kan det blir tur på Snønipa…
 

Handverksdagar: Smiing/Trearbeid/Longboard
* Smiing: Lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jern). Eksempel er lysestakar, lampettar, spegelrammer og beslag. Lage knivblad og lære prosessane til ferdig knivblad. Lære krøllsmiing.

* Trearbeid/Longboard: Lage bruksting og pynteting som små møblar, (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Dekorere med enkel treskjæring/karveskurd. For dei som ynskjer det blir det høve til å lage sitt eige longboard.

Bibelskule og surf  
Dette blir ei god veke med påfyll for trua og surfesjela. Bibelundervisning, stille tid, lovsong og surf – kan det bli betre? Vi bur i Ervika på Stad, men reiser til Hoddevika to av dagane for å surfe. Resten av tida bruker vi til å ha fokus på eiga tru, Jesus-relasjonen og fellesskapet.  

Toppturar og skianlegg
Vi drar til Sunnmøre og bor midt i smørøyet mellom topper, langrennsløyper og skitrekk. Strandafjellet ligger likeved, og blir det oppkjørt der, kan vi trekke til et mindre lokalt anlegg, Fjellsetra. Toppene når vi med feller under skia og er du mer opptatt av god glid, blir langrennsløypene stadig tråkket. Dette blir ei uke med god stemning og mulighet for å oppleve Sunnmøre på sitt beste. Vi håper pudderalarmen går!

Lokale toppturar 
Skulen ligg midt i smørauget! Vi bur på skulen og går på toppane i nærleiken.

Kite 
Sjå føre deg å suse bortover ei snødekt fjellvidde med vind i håret og ski på beina. Kjenne på kreftene vinden gjev når du får kiten opp i lufta… På dette faget skal vi finne både snø og vind, og nytte oss av desse elementa når vi skal lære å kite.

 

Sjå meir +