LOGGBOKA 21.04.2018

Langturar

No mot slutten av skuleåret har alle linjene eit eller fleire lengre prosjekt/turar. Kall det gjerne ei slags rosin i eit nydeleg bakverk.

Som de sikkert har fått med dåkke har altså både KRIK og Vind og vatn vore på Bali eit par veker. No er dei tilbake i landet!  Meir bilete kjem.

Ski og surf har gjort eit nytt prosjekt som har det klingande namnet Ski og segl. Dei har segla båten vår «Medvind» frå Gloppen, rundt Stadt (på aldeles flatt hav på veg nordover, og med litt meir skvalping heimover) og inn til Hjørundfjorden på Sunnmøre. Det er eit område med veldig mange fine toppar, m.a. Fingeren og Kolåstinden, som begge fekk besøk av klassa.

Norske eventyr og Aktivitet har hatt lang bretur med utgongspunkt på Myklebustbreen, ein brearm av Jostedalsbreen. Sikta har vore opp og ned, men i teltet har det vore gull-øyeblikk som dette:

Å skyte villsvin er ein draum for mange norske jegarar. Jakt og fiske-klassa har vore i Sverige og henta heim flesk, so to speak. No heng det store skrottar og ventar på å bli deilig middag, m.a. til alle dei andre elevane. Skikkeleg trøkk i jakta og mykje spenning undervegs!

Forsidefoto: Casper Kragholm