Livet på skulen

Nordfjord folkehøgskule er meir enn friluftsliv og undervisning. Når den offisielle skuledagen er slutt, er det opp til kvar enkelt kva som skal skje.

Fotball eller volleyball,

vaffelsteiking eller kakebaking,

isbading eller stamp,

spelekveld eller filmkveld?

Alternativa er uendelege, kva vel du?

I seine kveldstimar er det plass til den gode samtalen på internatet, kanskje får de òg tid til å løyse eit verdsproblem eller to? Om dette gjerast i stampen, badstua eller på internatstovene er opp til deg.

 

 

Heng med oss!