Kva vil det seie å utforske Norge?
Vi skal verkeleg sjå det beste av Norge, difor oppsøker vi dei vakraste eventyra Norge har å by på. Vi plukkar kjente og mindre kjente områder med spektakulær natur og stort rom for opplevingar og friluftsaktivitetar.
Tidleg på hausten går ferda til vakre Loen, der vi besøker toppane og går Via ferrata. Vi reiser også til spissen av Vestlandet, der vi padlar i nydeleg kystnatur. Her lagar vi mat vi fangar i havet, oppdagar øyer og lærer oss å padle havkajakk.
Før haustferien set vi nasa mot det eventyrlege Lofoten, der vi skal bestige toppar, surfe på bølgjer langs kvite strender og prøve oss på ekte lofotfiske.
Mellom turane gjennom Norge vert det opplæring i ulike friluftslivsaktivitetar i Nordfjord. Det blir breoppleving, klatrekurs, skredkurs, telemarkkurs, m.m.
I løpet av vinteren vert det turar med overnatting i snøhole, igloo og telt. Dette vert og ein del av førebuingane til ein lenger vintertur som går gjennom vakre Breheimen og Jotunheimen. Eit fantastisk fjellområde med mange flotte utsynpunkt og toppar.
Når våren kjem ventar hundekøyring, og padling i verdsarvfjorden Nærøyfjord. Du får oppleve Nordfjorden i skulen si Colin Archerskøyte og håpar på god blæst i segla.
Du vil gjennom denne linja få sjå mykje flott natur, få betre kjennskap til ditt eige land og få mange flotte naturopplevingar. Du vil få erfaring med ulike friluftslivsaktivitetar og få testa eigne grenser. Du blir godt kjent med teltlivet, og ikkje minst: du får vere med på mange lange turar saman med andre ungdommar.
Klede
• Skalljakke og skallbukse, vind og vanntett
• Ullstillongs og ulltrøye, lurt med minst to sett
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Turbukse
• Fjellstøvlar
• Gamasjar
• Lue, hals og vindtette vottar
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko
med lyse såler til trening inne.
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk
utearbeid
Turutstyr
• Dagstursekk- bør romme min. 30 liter
• Ryggsekk- bør romme min. 65 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose- må være varm nok til at du kan sove
ute om vinteren. (Det går an å
kombinere ein sommarpose med ein
3-sesongspose på vinteren)
• Hodelykt
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Solbriller
• Turbestikk, -tallerken og -kopp i hardplast
• Kniv
• Termos
• Drikkeflaske
• Matboksar: Ta med fleire. Til bruk både på
skulen og på tur. Hugs å merke dei godt. Isboksar
fungerer kjempebra til matboks på tur.
Vinterutstyr
• Ski: Fjellski med stålkantar
• Skistavar
• Skifeller tilpassa skia (langfeller)
• Fotposar
• Skihjelm
• Skismøring
• Alpinbriller
• Snøspade og søkestang
Til rommet og internatlivet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putetrekk
• Handkle
• Klehengarar
• Kopp, glas, tallerken, skål og bestikk til å bruke
på internatkjøkkenet
• Febermålar, paracet osv
• Sykkel og sykkelhjelm – dersom du har (til bruk i
nærområdet til skulen på fritida)
Dokumenter
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før segltur med
Stadtsraad Lehmkuhl.
• Reiseforsikring: Alle må ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si
innbuforsikring, men sjekk for å være sikker! Det
er viktig at du har forsikring på tinga dine som du
tek med.
NB!
Du treng ikkje alt som står på lista frå
skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet
til kan handlast inn i løpet av året.