Ein kort køyretur nordover frå skulen så er du plutseleg i hjartet av Sunnmørsalpane. Her klatrar fjellsport opp bladet.
Fjell treng folk - og folk treng fjell. Difor skal vi vere i fjella. Dei bryr seg slett ikkje om du er fersk eller erfaren. Vi skal klyve og klatre. Sykle stiane og padle elvane. Teste grenser og likevel vere trygge. Smile breitt frå toppen av klatreruta. Nyte vinterdagane med ski på beina. Sette svingar i urørt snø. Tenne bål og oppleve stilla ved foten av fjellet. Vi skal gløyme tida. Vi skal opp.
Buldretur til Frankrike
11 dagar
Høgruta i Jotunheimen
4 dagar
Tinderangling på Sunnmøre
3 dagar
Skikjøring i anlegg
5 dagar
Sportsklatring
5 dagar
Brekurs
3 dagar
Innføringskurs naturleg klatring
3 dagar
Topptur
5 dagar
Kiting
3 dagar
Isklatring
3 dagar
Havpadling
3 dagar
Elvepadling
2 dagar
Buldring
5 dagar
Vandretur på hausten
2 dagar
Bolting
2 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Fjelløping
1 dag
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skredkurs
3 dagar
Felles snøholetur
3 dagar
Skiveke i Hemsedal
5 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +
Poster Image
Sjå filmen
"Det morsomste med klatring, var å overvinne frykten for høyder, og å føle stor progresjon på kort tid, dette gav meg selvtillit." - Nora Staff Vågseth
- Nora Staff Vågseth

Meir informasjon om tilbodet på linja

Året startar med eit grundig innføringskurs i klatring på eit flott klatrefelt i nærleiken, Sagefloten. Her er det mykje fin klatring for uerfarne, men også vanskelegare ruter for dei erfarne. Vi kjem også til å sjekke ut andre klatrefelt i regionen. Alle som ikkje har brattkort vil få dette i løpet av dei første vekene på skulen, og i løpet av året vert det ei grundig innføring i klatring på naturlig sikring.

Breane ligger tett over heile Sogn og Fjordane, og opnar for heilt unike opplevingar. På brekurset kjem du til å lære deg å ferdast trygt med isøks i handa, stegjern under skoa og tau rundt livet. På breturen vil du få prøvd både kameratredning og isklatring. Hausten vil også by på tinderangling i Sunnmørsalpane.

Når hausten er på sitt mørkaste tek vi turen sørover til Fontainebleau i Frankrike for å oppsøke buldring og klatring i verdsklasse.

Vinteren byr på snø, ski og topptur. Vi vil reise på dagsturar og turar med fleire overnattinger i vinterfjellet, både med telt og i snøhole. Allerede før jul er vi tre dager i skianlegg, og på nyåret reiser heile skulen på skikurs ei veke i Hemsedal. Der bli det undervisning for både ferskingar og erfarne skifolk. I løpet av vinteren skal vi også ha grunnleggande skredkurs. Her får du livsviktig kunnskap som vi skal utvikle vidare gjennom vinteren.

Våren på Vestlandet må berre opplevast! Då vert det klatring, vårskiturar og solbrende fjes i vakker natur. Om veir og føre tillet det avsluttar vi våren med ein fantastisk rundtur over Jotunheimen sine spektakulære fjell. Turen vil gå innom DNT-hytter, og vert kalla Høgruta Jotunheimen.

Pris på linja finn du her 

Sjå meir +

PAKKELISTE

• Ullstillongs og ulltrøye
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Regnkle
• Fjellsko (om du kjøper nye bør dei vere så stive at de kan brukes med stegjern)
• Ryggsekk: Bør romme min. 70 liter
• Dagstursekk: Bør romme min. 40 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må vere så varm at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren.)
• Hodelykt
• Kartmappe
• Kompass (gjerne med klinometer)
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar
• Solbriller
• Skiutstyr: Randonee eller telemarkski med stålkantar.
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sender/mottaker (Skredsøker)
• Klatresko
• Sykkel (til å bruke til å komme seg rundt i nærområdet)
• Kle og sko til trening både ute og inne
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før buldretur til Fontainebleau i oktober.
• Reiseforsikring: Alle elevar må ha eigen reiseforsikring.
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.

NB! Du treng ikkje alt som står på lista frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.

Sjå meir +