Dette er ein leir som går av stabelen i Nordfjord 24.-27. juni 2027. Staden er Nordfjord folkehøgskule midt i vakre Gloppen. Denne folkehøgskulen har skapt minner for livet for generasjonar av ungdom. No vil vi at staden også skal få skape minner for oss som er midtvegs i livet.
Kven er «vi»? Vi er ein gjeng som likar leir. Vi vil veldig gjerne ha med oss kjente og ukjente til å skape ein ny leir saman. Komiteen for leiren består av Eli og Vidar Mæland Bakke, Margrethe og Leidulf Øy, Kjetil Vestel Haga og Hildegunn Gj. Tennebø
Å vere midtvegs i livet er ikkje så lett å avgrense. Du er kan hende under førti eller over seksti, eller ein stad i mellom. Du lever i saman med nokon eller åleine. Men denne gongen er det ikkje ein leir med opplegg for barn og ungdom. Vi møtast midtsommars, med låge skuldra, til lange lyse kveldar i vakker vestlandsnatur.
Påmeldingsskjema finn du lenger nede.
Vi går til duk og dekka bord. På dagtid kan vi velje mellom late timar, aktivt friluftsliv i nærområdet eller kreative seminar på folkehøgskulen. Alt ramma inn av livsnære bibeltimar og lågmælte – eller kan hende nokre høglytte samtalar i mindre fellesskap.
På MIDTVEGS kan samtalane gjerne handle om vær og vind, men vi får også rom til å gå djupare. Vi høyrer til dei som både har nokre foran oss å sjå opp til og stadig fleire bak oss som ser opp til oss. Hva tyder det? Kva er vår plass i Guds vakre og vanskelege verd no – der vi er – midtvegs?
På kveldane samlast vi kring Bålet i konkret og overført tyding. For Bålet er alltid midt i livet. Han som er vår eldstad og som lyser opp vegen foran oss, slik han gjorde for Sara og Abraham, for Miriam og Moses, og for generasjonar av reisande før oss.
Jesus er undervegs med oss – også i det vi enno ikkje har heilt klart for oss. Søndag, siste dagen, stanser vi opp og held Midtvegsmesse – før reisa vår held fram, kvar for oss. Kan hende med litt meir lys over vegen vidare?
MELD DEG PÅ HER: Påmeldingsskjema
Torsdag
14.00 Innsjekk
18.00 Middag
19.30 Kveldssamling
21.00 Bål og hygge
Fredag og laurdag
08.00 Morgonbad og morgonkaffi
09.00 Frukost og nistesmøring
10.00 Morgonsamling
11.30 – 17.00 Aktivitetar
– Fjelltur – lang
– Fjelltur – kort
– Stisykling (syklar kan leigast). Lunsj og bål.
– Fjordliv. Kajakk/kano. Lunsj med strandhogg og bål.
– Keramikkverkstad
– Kultursafari med fleire moglegheitar: Astruptunet og Eikås-
galleriet i Jølster, Ulvesund fyr (Sølvi Hopland sitt kreative univers), og andre museum/opplevingar.
– Åpent for andre initiativ
Påmelding til dei ulike aktivitetane blir gjort seinare. Det kjem ein ekstra kostnad ved keramikkverkstad, evt. leige av terrengsykkel (ta gjerne med eigen om du har!) og inngangsbillett til museum.
14.00 – 17.00 Badestamp for interesserte
16.00 Kaffi og kringle ved Båltun
18.00 Middag
19.30 Kveldssamling
20.30 Bålsamtale og lyse sommarkveldar
Søndag
08.00 Morgonbad og morgonkaffi
09.00 Frukost
11.00 Gudsteneste og kyrkjekaffi
ca. 13.00 Takk for denne gong