Du treng ein pust i bakken. Eit år med fokus. Kven er du eigentleg og kva er meininga med livet? Du vil bli betre kjend med Bibelen, Gud og Jesus. Du kjenner ei dragning til naturen. Til det som er større enn deg sjølv. Til stjernehimmelen. Til freden
i barskogen og stilla i fjellheimen. Til adrenalinet som brusar i årane på veg ned heftige stryk eller lukkekjensla når du endeleg kaprar den rette bølga. Eit år med bibelskule og friluftsliv i eitt. Eit år med tru, vekst og vennskap. Frisk luft, telt og våte sokkar.