Kvart år, gjennom dei siste 14 åra, har analysebyrået EPSI Norge kartlagt tilfredsheit i utdanningssektoren. Undersøkinga tek føre seg folkehøgskule, barnehage, førstegongsteneste, vidaregåande skule, universitet, ungdomsskule og barneskule. Folkehøgskulane kjem generelt best ut i undersøkinga, og Nordfjord folkehøgskule ligg øvst blant skulane som er med, eit resultat vi sjølvsagt er svært stolte av.

Undersøkinga til EPSI er basert på intervju av elevar frå skuleåret 2024/2025, og årets analyse viser til at elevtilfredsheita på folkehøgskulane er svært høg, og at ho har auka samanlikna med tidlegare år. Den gode tilfredsheita kjem av fleire grunnar. Rapporten skriv mellom anna:

«Elevene beskriver et inkluderende og sosialt miljø som legger til rette for både personlig vekst og faglig utvikling. Utvikling av nye ferdigheter, økt selvinnsikt, og sterke fellesskap på tvers av klasser og mellom elevene løftes frem som sentrale forklaringer på den høye tilfredsheten.»

Elevane tekk også fram dei mange engasjerte lærarane og øvrige ansatte som bidreg med høg fagleg kompetanse og som viser interesse for elevane si utvikling. Dette bidreg til ein trygg og motiverande læringsarena. Vidare skriv rapporten: «Kombinasjonen av faglig innhold, studieturer og sterkt sosialt fellesskap fører til at mange omtaler året som både betydningsfullt og et minne for livet.»

Eit stort fleirtal svarar at dei ville valt folkehøgskule igjen dersom dei skulle velje på nytt. Resultata stadfestar at eit år på Nordfjord folkehøgskule er eit godt val.