Rektor
Epost: hildegunn@friluftslivskulen.no
Hildegunn har fjellbjørk og kaffimaskin på kontoret sitt. Skrivebordet er ryddig, og dama likeså. Rektor Hildegunn er flink til å bestemme ting når andre vinglar, og meiner det er mykje god folkehelse i ei god historie. Ho har studert samfunnsgeografi og religionsvitenskap, ledelsesfag, og interkulturell forståing. Ho har tidlegare jobba ved hovedkontoret til Normisjon. Og så likar ho å gå på jakt.