Kjøkken- og internatassistent / Kokk
Epost: Else@viegarden.com
Else er agroteknikar i husdyrbruk - altså ein høgt utdanna bonde. Ho driv med hest, hund og kanin, og er ein av forkjemparane for fjordhesten sin eksistens. Else er også forkjempar for havregrynsgraut, og lagar den beste grauten på Nordfjord. Ho likar ekstremt store steinar - slike som er store som hus og hytter. Og det passar fint, når ho bur i det som faktisk er Nord-Europa si største ur.