Kjære foreldre, føresette, søsken og vener!
Dette er sjansen de har venta på! I staden for berre å høyre om flotte opplevingar i Nordfjord, får de no sjansen til sjølve å vere med. Vi inviterer til eit maksimalt komprimert folkehøgskuleår, nemleg to døgn proppa med gode opplevingar.
Vi reknar med at de har fått mange rapportar frå utsendingen de har her hos oss. Om toppturar og bålkveldar og båtturar og kajakk og samarbeid og fellesskap og soveposesoving og stjernehimmel. Og så reknar vi med at de er litt misunnelege på alt dei har fått vere med på. Men gratulerer! De er med dette inviterte til eit ”minifolkehøgskuleår” frå 4. – 6. mai 2023.
Kven kan vere med?
Svaret er alle. Vi har ingen aldersgrenser, og turane blir tilpassa dei som er med. Parallelt med «Minifolkehøgskulen» har elevane sitt eige opplegg, så årets elevar kan ikkje vere med på desse aktivitetane.
Påmelding:
Her er påmeldingsskjema til minifolkehøgskule
Påmeldingsfrist er 20. april.
Kva
Frå torsdag ettermiddag til laurdag morgon skal de få sjå og oppleve noko av det same som elevane har fått opplevd dette året. Vi skal prøve samarbeidsløypa til skulen, lage god mat ute, overnatte i gapahuk og lavvo, gå på ski (kanskje i shorts?) på vårsnøen i Nordfjordfjella, padle kajakk og ro gamle Nordfjordbåtar. I mai er Nordfjord på sitt beste. Snøen ligg i fjella, grønfargen sprett fram, og det er gode forhold for flott friluftsliv!
Kvar og når
Turen startar torsdag om ettermiddagen på Nordfjord folkehøgskule, og sluttar når det er på tide å pynte seg til avslutningsfesten laurdag. Om du ikkje kan vere med på turen heilt frå starten, er det høve til å hoppe på undervegs! Alle aktivitetane blir rundt Gloppefjorden, altså i nærområdet til skulen. Vi kjem ikkje til å vere på skulen i særleg grad, for dei siste dagane på folkehøgskule er både intense og tårevåte. Og det er i grunnen best om elevane får vere for seg sjølve, utan innblanding frå alle oss andre.
Program
Torsdag
Kl 1630 Middag i matsalen.
Kl 1730 Samling i Storklasserommet med ein kopp kaffi. Offisiell start på ”minifolkehøgskulen”. Info om turane. Vi blir litt kjent, presentasjon, forventingar, kor mange vil på skitur/fottur på fredag …
1800: Fottur til samarbeidsløypa. Her får vi bryne oss på ulike problem som krev samarbeid.
Kvelds og overnatting i gapahuk.
Fredag
Morgon/føremiddag
For dei som er A-menneske vert det før frukost kaffi på bål ved gapahuken
Kl 0730 Vi går ned til skulen
Kl 0800 Frukost på skulen
Kl 0900 Skitur. På Vestlandet er det fantastisk å gå på ski i mai. I beste fall blir det skitur i shorts! Vi køyrer til Ryggjastøylen og går på Berdalsegga.
Kl 0900 Fottur. Om de heller vil gå på beina kan de det, då går vi frå skuleplassen på tur til Tysdadstøyen og kanskje vidare mot Haugsvarden.
Ettermiddag
1630 Middag på skulen
1730 Vi finn fram kajakkane og dei gamle Nordfjordbåtane. Så padlar og/eller ror vi på Gloppefjorden til gapahuken ved Nedrebø. Her blir det grillmat og bål. Også denne natta søv vi ute. Leirplassen ligg ikkje langt frå vegen, så det er òg mogleg å kome dit med bil.
Laurdag
Morgon
Etter frukost padlar/ror vi tilbake til naustet, og her blir det servert frukt. Vi er tilbake på skulen ca 2 timar før avslutningsfesten tek til.
Pris
Det er høve til å hoppe på turen undervegs. For å gjere det enkelt når det gjeld betaling, har vi delt turen i to, og du betalar for dei delane du er med på. Om du ikkje har høve til å vere med på heile turen, oppmodar vi deg likevel til å kome på fredag. Minifolkehøgskulen er ei flott oppleving!
Pris for heile kurset: kr 1.600,- (Barn/ungdom under 18 år 800,-)
Pris frå fredag til laurdag: kr 1.100,- (Barn/ungdom under 18 år 550,-)
Utstyr
Vi gler oss til å vise fram naturen vår! Håpar vi ser deg!
Avslutningsfest
Vi inviterer sjølvsagt òg til ein skikkeleg avslutningsfest for alle dei flotte elevane våre!
Den er laurdag 6. mai klokka 13. Vi håpar mange har høve til å kome!