Program familiedag

Vi vil gjerne ynskje velkommen til familiedag her på Nordfjord folkehøgskule. Dette blir ein fin haustdag med godt fellesskap, fine naturopplevingar, god mat og underhaldning.

Familiedagen er laurdag 19. november, og vi gledar oss veldig til å få besøk hit til skulen. Påmeldingsfristen er torsdag 3. november (sjå link til påmeldingsskjema nedanfor).

Her kjem ein oversikt over programmet for denne dagen.

Kl. 10.00 vert det felles oppmøte i amfiet i Trivselsskogen (sjå link nedanfor).
Dersom du treng transport kan du møte på skuleplassen 09.30 for felles transport inn til Trivselsskogen med skulen sine minibussar.

Til samlinga i Trivselsskogen møter du ferdig påkledd. Kle deg etter været. Vi skal være ute fra kl. 10.00 og fram mot kl. 14.00. Det kan være fint og ha med eit sitteunderlag å sitte på når vi et lunsj. Alle tek også med eigen kopp/drikkeflaske.

Dette vert ei samling for både elevar, familiebesøk og tilsette.

Program familiedag
Program familiedag

Program

Kl 10.00: Fellessamling i amfiet i Trivselsskogen

Orientering om ulike turalternativa og plan for dagen.
Dei ulike turane/opplegga de kan velje mellom: Alle turane går på godt opparbeida stiar/grusveg som er tilrettelagt for alle.

• Bål ved gapahukane
• Samarbeidsaktivitetar (kort tur)
• Kjærleiksskogen (kort tur)
• Draumekvila (middels tur)
• Holvikfossen (lang tur)


Ca 11.30-12.30: Lunsj –
Felles lunsj for alle ved gapahukane i Trivselsskogen. Pølse i brød.


Kl 14.00: Open skule
Alle foreldre møter i gymsalen til litt felles informasjon, orientering og bistandsprosjektet og korte framsyningar fra dei siste vekenes prosjekt.

Etter dette vert det ei omvising av skulen.

 

Kl 16.00-17.50: Middag – Middag og dessert vert servert i matsalen og Ljosborgstova. For at det ikkje skal bli altfor mykje kø, blir det linjedelt oppstart på måltidet.

Kl 18.00: Linjetreff – Dette er ei samling for føresette, i dei ulike stovene på huset.

Kl 19.30: Revyframsyning.

Kl 21.00: Kake/kaffi i Ljosborgstova.

 

Etter samlinga i Trivselsskogen vert det litt tid til å skifte dersom du har lyst å bli kvitt bållukt. Antrekk for resten av dagen er halvfint.
Dersom nokon ynskjer frukost på søndag kan dykk bestille dette (50kr).


Overnatting

Skulen er full av elevar, så det betyr at vi ikkje kan tilby overnattingsplass her. Overnattingstipsa våre er:
• Gloppen hotell (Sandane)
• Gloppen camping (Sandane)
• Nordfjord hotell (Nordfjordeid, ei ferje og 15 minutt i bil). Reed camping (Reed, 15 minutt i bil). Byrkjelo camping (Byrkjelo, 20 minutt i bil). Skei Servicesenter, hytter (Skei, 40 minutt i bil). Thon hotell Jølster (Skei, 40 minutt i bil).
• Airbnb – sjekk Airbnb for fleire overnattingsstadar i bygda.

Link til påmeldingsskjema: Påmeldingsskjema 

Link til Trivselsskogen: Trivselsskogen