Nordfjord folkehøgskule mot 100 nye år!

Les om bygging og innsamling

Dei siste åra har vi vore plaga med lekkasje frå taket i delar av hovudbygget. Når alle elevane er på skulen, er det trongt om alle skal vere i matsalen samtidig. 

Vi er heldige som no skal få betre og nye fasilitetar. Det blir ei skikkeleg oppgradering.

Bygginga er planlagt sluttført 1. mars. Då er vi midt i eit folkehøgskuleår, og vi treng å få sett bygget i stand så fort det er råd. 

1. september blir det derfor sett i gang eit stolsal. Her kan du kjøpe ein stol for skulen og få namnet ditt på den: «<Namn> er til å stole på!»  Det er òg mogleg å vere anonym givar.

Sjå meir detaljer om bygginga nedst i saken.

Nordfjord folkehøgskule har drive skule siden 1923. Meir enn 10 000 ungdommar har vore elev her. I dag er det slik at nesten kvart einaste rom vi har på skulen, er i bruk.

Bygginga

Sjølve bygginga er finansiert gjennom lån og oppspart eigenkapital over fleire år. Arbeidet utføres av HS Bygg. Sjå arkitektteikningar i galleriet under.

Status: Bygget er ferdig. Opning mandag 13.mars

Sjå meir +

Innsamlinga

Innsamlinga er meint til å finansiere inventaret, altså møblar og andre lause ting.

Vi får ikkje stønad til å gjere dei innkjøpa som trengst for å møblere dei nye areala våre. Derfor gjennomfører vi stolsal. Der har du mulighet til å bidra med noko heilt konkret!

Stolsal på Spleis: https://spleis.no/project/312870

Gåver på Vipps: #749249

Sjå meir +

Laurdag 20. august 2022 tok vi i mot det 100. kullet på skulen. Dette er stort, dette skuleåret spesielt for oss alle.

Både bygget og skulens 100-årsjubiléum blir feira på skulen helga 27.-29.oktober 2023. Her er ALLE som er glad i Nordfjord folkehøgskule inviterte! Dette blir ei skikkeleg markering!