«Prosjekttur vinter»
«Prosjekttur vinter» er eit av fleire ulike prosjekt eleven kan velje mellom i veke 10. Kva prosjekt ein landar på definerast av størrelse på gruppa, vær, skredforhold og erfaring. Og i år var det en spesielt sprek og erfaren gjeng som hadde valt «Prosjekttur vinter». Dette samt gode vêrmeldingar og skredforhold opna opp muligheitene for eit litt meir krevjande prosjekt
Elevene fekk i oppgåve å kome med forslag til dagstur i nærområdet tysdag og ein plan for onsdag til fredag med maksimal kjøretid på 1,5 t. Innanfor 1,5 t har vi frå skulen mange pærler, alt frå flotte turar i Nordfjord-området, fjella i Sunnfjord, Stryn, Fjærland, Sogndalsdalen og Sunnmørsalpane. Dette gjorde ikkje planlegginga noko lettare.
Som planleggingsverktøy bruket elevane vêrvarselet samt skredvarslet for å sjå kvar vær, skredforhold og skiføret var gunstig. Når dette var bestemt brukte dei vidare ulike kartløysingar, med bratthet markert i kartet, for å sjå kvar det kunne egne seg å gå på tur. Og for å innhente enda meir presis informasjon om vegetasjon og terreng vart flyfoto, skiførarar/toppturbøker og turskildringar også nøye studert. Kjennskap til og evna til å bruke desse verktøya gir nyttig informasjon til planleggingsarbeidet, noko som elevane hadde stor nytte av.
Valet for tysdagens tur falt på Traudalsnibba, som er ein effektiv tur i nærområdet. Ei gruppe av elevane fekk i oppgåve å planlegge og lede turen som går i KAST klasse 2. Ved hjelp av kart i varsom appen klarte elevane i stor grad å unngå skredterreng, då dette kartet viser posisjon, bratthet og utløpssoner. Men ved tur i KAST klasse 2 vil ein ikkje klare å unngå alt skredterreng, og da vert vurdering av skredproblemet viktig. Som ein del av denne vurderinga vart «den lille blokktest» brukt. Den brukast ved SSU (systematisk snødekkeundersøkelse), for å kartlegge kor det/dei svakaste laga finnast. Det hadde generelt vore gunstige faktorar med tanke på skredforholda, men i skredvarslet stod det skildra at det i enkelte områder i regionen muligens var eit aktivt vedvarande lag med kantkorn. Det var derfor knytta seg spenning til om vi ville finne dette i snødekkeundersøkinga , og om det ville gje utslag på den lille blokktest. Ved våre snødekkeundersøkingar fant vi bare eit påbegynnande kantkornlag, relativt langt ned i snødekke. Dette hadde få ugunstige faktorar, men var nyttig å være klar over med tanke på planlegging av kommande turar.
Etter tysdagens testtur, brukte vi tid på evaluering av gruppa og forhold som vi vurderte til som gunstige. Ut frå forutsetningane falt valet på vekas hovudprosjekt til slutt på ein rundtur rundt Kjellstaddalen, der ein gjeng via Hornindalsrokken og Kvitegga.
Onsdag Kl.5.15 satt hele gjengen i bussen, klar til tur. Vi køyrte til Hornindal der turen starta 06.40. Fyrste del av turen gjekk opp til Trollaksla. Undervegs bruka vi tid på vurdering, og var spent på om vi ville finne velutvikla kantkorn(snø). Ved graving av «lille bloktest», ser ein på fire eigenskapar ved det/dei svakaste laga i snødekket, og en eigenskap for den overliggande snøen. Ein forsøker å danne seg et bilde av kva som har danna det svake laget og dermed kvar i terrenget det er sannsynlig å finne det. Ut frå desse testane fant me lite eller ingen teikn til kantkorn, og me vurderte forholda som gunstige.
Vidare langs ryggen mot Hornindalsrokken hadde det gjennom ein vinter med mykje snø og vind danna seg store skavlar som det var viktig å halde god avstand til. Men snødekket var passe mjukt og også her var forholda gunstige
Gjennom hele turen grov vi, og utførte «lille blokktest». Elevene var delaktige og viste stor interesse for vurderingsarbeidet. I det vi hadde bestege Hornindalsrokken hadde vi tre alternativ, enten følge vidare plan mot Kvitegga, skli ut Kjellstaddalen eller følge ryggen same veg som vi kom.
Vi hadde ei god runde med vurdering av gruppas dagsform og skredforholda denne dagen. Og ei motivert gruppe bestemte seg derfor å gå for plan A, vidare mot Kvitegga. For å unngå den brattaste flanka opp mot toppen valte vi å feste skia på sekken og stegjern på beina og følge ryggen opp. Dette gav litt «krydder» til en elles lang skitur med ein stad mellom 10 og 15 felleavtakingar.
På toppen av Kvitegga var mykje av jobben gjort. Terrenget var snillare, men for å komme lengst mogleg før mørket var det eit ønsket om å halde god framdrift. Under den siste nedkøyringa fant vi fram hodelykta, og da vi kom til tregrensa vart vi møtt av eit karakterbyggande gjennomsalgsføre. «Perfekt» avslutning på ein lang og slitsam dag. Det var ein sliten, fornøyd og glad gjeng som sette seg i bilen kl. 21.30.
Ein lang og krevjande tur var gjennomført. Den fysiske påkjenninga, men ikkje minst evna til å hjelpe kvarandre, bidra i vurderinga og læra var imponerande. Det var ein spektakulær tur som var mogleg fordi alt klaffa.
Foto: Peder Undheim