Rusa på natur

– Vi kan ikkje leve av utsikt, sa kraftutbyggaren.

– Eg kan ikkje leve utan, sa fjellmannen.

Eg står i nordryggen av fjellet Gjegnen og har tenkt meg til topps? Har eg blitt avhengig av utsynet, det luftige, det storslåtte?

Gjegnen (1670 moh) er bautaen i Nordfjord-naturen. Over alt på tur i området dukkar det mektige fjellet opp i bildet. Frå aust minner profilen om ein stor hest eller okse som ligg og passar landskapet. Mot nord og vest lyser bautaen med sin krasse rygg og 1200 meter ruvande vegg opp frå Bjørndalsvatnet. Derfor har fjellet også blitt kalla Blånibba, Hesten og Uksen, både på kart og på folkemunne.

Mange gongar har eg nådd toppen, både frå sør og aust, både i sol og skodde, både på ski og til fots. Er det mangel på fantasi, lite å finne på eller berre gamal vane som gjer at eg nok ein gong har sikta meg inn mot 1670 meter over havet? Eller er det ei magisk kraft i fjellet som dreg meg hit, utan at eg heilt veit kvifor?

Respekt og mot

Nordryggen til topps er ei klatrerute som krev sikring med tau og kilar. Ruta er ikkje spesielt krevjande, men vil du hit, må du ha respekt for farane og mot til å våge. Eg går sist i eit taulag på tre og kjenner suget i magen når eg opp frå ei renne plutseleg ser rett ned i Bjørndalsvatnet, 1000 meter under meg. Uttrykket om å føle seg både liten og stor på tur får meining. Eg er ein prikk i eit veldig landskap, men kjenner meg stor fordi sansane er så skjerpa og inntrykka så veldige.

Unikt

Under meg slyngar Nordfjorden seg langs bygdene Hunvik, Isane og Stårheim. I sør ruvar Bukkenibba med så grove, mørkegrå formasjonar at eg tenkjer på elefanthud. I aust mot Skjeringane er fjellhyllene så mange og så skrånande at dei på avstand minner om dominobrikker. Sanninga er at denne spesielle naturen rundt Gjegnen vart til for 350 millionar år sidan. Elvar og ras bygde opp lag på lag med sand, stein og leire som vart til nye fjell og rundt 200 unike fjellhyller med ein hellingsgrad frå aust mot vest på rundt 25 grader. På hyllene ligg det ofte eit lite vatn som her oppe i Gjegnen ser ut som smaragdgrøne smykkesteinar i alt det grå. Slik devonsk natur, som den blir kalla, finst få plassar på kloden. Eg kjenner meg privilegert som får oppleve den og forstår kvifor regjeringa gjorde deler av denne naturen til landskapsvernområde.

Omfamne fjellet

Eg omfamnar, eller rettare sagt klamrar meg til fjellet i dei mest luftige partia. Eg ser kvar pore, kvar sprekk, kvar fargenyanse som naturkreftene har forma her oppe. Handa helsar på kvar stein og spør, – e du te stole på? Eg må vere min eigen sjef og finne ballansen mellom risiko og kontroll.

Klatresporten skjerpar alle sansar frå ytst i fingertuppane til inst i ryggmargen. Ei kjensle av å vere hundre prosent til stades i eige liv når ut til kvar muskel, kvar celle i heile kroppen.

Rusa på natur

Då vi når ei av dei siste hyllene før toppen, og har lagt dei vanskelege partia bak oss, er vi alle rusa på natur. Stille konsentrasjon blir erstatta av høglytt latter, rosande kommentarar og begeistra stemning. Vi har heva oss nokre etasjar over kvardagen, sjølvtilliten har fått ein solid dose påfyll.

Resten av turen mot toppen er ein leik over urar, svaberg og nysnø. Her oppe i kanten av Ålfotbreen og Gjegnalundsbreen er det arktisk klima og dryss av nysnø i midten av juli. Nede i lia, der vi starta turen, stod blåbæra solmodne og forfriskande. Vi har passert tre klimasoner frå sommar, til vår og vinterstemning på nokre timar. Utsynet er kolossalt, frå Jostedalsbreen, over tindar og fjordar mot Hornelen og havet. Alle kjenner vi oss som konge i vårt eige liv.

Tekst: ARVE SANDAL

 

 

Fakta

Ålfotbreen landskapsvernområde

Den kjende, engelske fjellklatraren William Cecil Slingsby sa at fjella rundt Ålfotbreen er blant dei villaste i Noreg. Dei spesielle hylleformasjonane, vassdrag i trappetrinn og landets vestlegaste isbre, var hovudgrunnen til at regjeringa oppretta Ålfotbreen landskapsvernområde i 2009. Dermed har delar av den unike naturen frå devontida fått eit vern for ettertida.

Men breen kan ingen verne i eit stadig varmare klima. Ålfotbreen er blant dei tynnaste isbreane i landet. Klimaforskarar trur den kan vere borte om 50 år.