Sidan vi ikkje kunne teleportere oss, hoppa vi på bussen ein fredag morgon. Stemninga på bussen var prega av det som venta oss. Med andre ord var det ein rimeleg gira gjeng som fann seg godt til rette. Med x-tal musikkquizar, heilt useriøse mengder snacks og gode samtalar, suste tida forbi. Før vi visste ordet av det, såg vi opp på dei ruvande Alpane.

 

Vi sjekka inn på bibelskulen Tauernhof, der vi først fekk helsa ordentleg på linjene «X-sport» og «Idrett Piste», to klassar frå Valdres folkehøgskule. Vi vart raskt ein samansveisa gjeng som delte rom, frukostar, samt cola, kakao og fries i solsteiken på spisestadene oppe i bakken. Eit av mine beste minne frå turen var då Valdres x Nordfjord entra afterskien rett utanfor Tauernhof og tok heilt over. DJ-en spelte norske songar på anlegget, og gjengen herja på dansegolvet – elevar og lærarar!

 

Sjølve skikøyringa har vore heilt himmelsk! Med så mykje frikøyring som vi har fått, har vi opplevd fem ulike skifjell, deriblant Planai rett ovanfor Tauernhof og Hauser Kaibling, med utsikt over fjellandsbyen på 2015 moh. Vi har alle fått 12 timar med skiinstruksjon, så vi har alle forbetra oss betydeleg. Den kjensla når du kosar deg i dei henga du sleit med i går – det er ei deilig kjensle!

 

"Det var derfor til stor glede å kjenne på den meistringa eg har fått denne veka gjennom tett oppfølging frå skiinstruktør kvar dag..."

Eg, Teodor, er snowboardkøyrar og hadde aldri, før denne veka, stått på slalomski i trekk. Det var derfor til stor glede å kjenne på den meistringa eg har fått denne veka gjennom tett oppfølging frå skiinstruktør kvar dag – og ikkje minst 36 timar med køyring. Alle, uansett nivå, har kjent på både gleda og utfordringa ved å knekke i hofta og presse gjennom ytterskia.

 

Den siste dagen i bakken starta med Nordfjord–Valdres-skirenn, eit av dei absolutte høgdepunkta på turen! Der konkurrerte vi mot kvarandre i ei løype som baud på x antall fall, rungande latter og ein del fine svingar. Det er nok det aller beste minnet eg (Alise) sit igjen med!

 

Etter å ha starta dagane med morgonsol i gondolen, nypreparerte løyper og råfine folk, og avslutta med å køyre ned i solnedgangen, sit vi igjen med slitne (men råsterke) lår, godt humør og minne for livet.

Ludvik Ilebekk

Forfattarar: Alise Sundby Bakke og Teodor Bolstad-Nesbakken