LOGGBOKA 26.01.2020

Vindfullt, men fint

Årets skikurs i Hemsedal vart prega av mykje vind, utan at det la nokon dempar på innsatsen

Sidan nordmenn flest vert fødde utan ski på beina (berre spør på ei snitt-fødeavdeling), så er det lurt med skikurs. No skal det seiast at ein del elevar har stått mykje på ski før dei kjem til Nordfjord, men det er også ein del ferskinger. Felles for alle er at det gir stort utbytte med nokre dagar med instruksjon!

 

Alle nivå og skitypar fekk tilrettelagt instruksjon,- telemark, fjellski, randonee/alpin. På det litt harde føret var det lett å bli ganske imponert over humøret på gjengen på fjellski.

https://www.instagram.com/p/B7q32hcnzOI/

Sidan nyttår har det vore ganske samanhengande utfordringar med vind her i landet. Til og med i Hemsedal vart det ganske friskt.

Vi budde i fine hytter rett attmed bakken, og kunne lett ski in og ski out.  Her er nokre stemningsbilder:

https://www.instagram.com/p/B7onVWupk0t/