LOGGBOKA 10.01.2021

Vi er i gong igjen!

Med eit flunkande nytt år å starte på, er skulen igjen fylt til randa med elevar.

Sjølv om vi hadde håpa på det verste Covid-kjøret hadde lagt seg ved inngangen til eit nytt år, ser vi dessverre at situasjonen er alvorleg i landet vårt. Difor var vi også spente på om vi kom til å kunne starte opp som planlagt etter juleferien.  Gjett om vi vart glade for å høyre at departementet sa «go» til folkehøgskulane!http://

Det er ingen tvil om at elevane har hatt eit bra første halvår. Fleire av dei har laga veldig fine oppsummeringer av det som skjedde på hausten. Ta ein kikk på Kathinka Mørner si oppsummering:

 

Første veka var det skredkurs og møte med vestnorsk snø. Mykje nyttig og bra å lære,- og veldig kjekt å kunne leike i snøen også. Snø er både dødsgøy, men også potensielt livsfarleg, så det gjeld å vite korleis ein skal gjere kloke valg.