LOGGBOKA 17.03.2019

Storm på fellestur

Det fins dårleg vær, så då gjeld det å ha planlagt godt.

Det gamle ordtaket om «ikkje dårleg vær, berre dårlege klær» er ikkje heilt sant. Av og til kjem ein ut for skikkeleg drittvær. Men ein kan få mange gode opplevingar på tur likevel, så lenge det er ein god plan i bånn.

 

Stipendiatane hadde planlagt felles toppturveke for heile skulen, og fleire lærarar var også med på turen. Ved skianlegget Harpefossen la dei merke til gjengen som pakka seg ut av bussane:

Det vart eitt døgn med stormsikring av telt og utstyr, og så skein sola opp og Nordfjord leverte skikkeleg påskestemning. Kontrastane er det som gir livet mest spenning og glede! Og sjølvsagt også eit og anna velkvalifisert tryn.