LOGGBOKA 06.05.2019

Siste sprell

Det er begynt å verkeleg nærme seg slutten på skuleåret.

Forrige veke hadde vi siste tur med gjengen, pilegrimstur på Stadtlandet, og over til Selja. Ein fantastisk måte å avslutte turåret på! Både solsteik, hagl og kuling på ein tur. Og mykje tid til å dingle rundt med dei beste folka.

https://www.instagram.com/p/Bw9-ewEDODr/

https://www.instagram.com/p/Bw9xVMQi8sn/

Vel heime etter turen venta dei foreldrene som hadde vore lure nok til å melde seg på mini-folkehøgskule! Dei fekk eit par uforgløymelege dagar, som inkluderte ski, kajakk, gapahuk og absolutt alt vær ein kan forestille seg.

Avslutningsfesten er eit heilt kapittel for seg. Då møter alle i sin finaste stas, og vi stiller med deilig mat og godt program. Her er nokre glimt frå ein høgtideleg og morsom dag: