LOGGBOKA 09.03.2019

Prosjektveke

Medan nokon har vore på langtur, har dei andre hatt prosjektveke.

Norske eventyr og Ekspedisjon har no avslutta sin ekspedisjon gjennom Jotunheimen. Mange var spente før avreise, for det er dei færraste som har vore så lenge ute i felt tidlegare. Alle rapportar tyder på at dette var ein tvers igjennom vellukka tur.  Godt jobba, folkens!

 

Meanwhile, in Nordfjord:

På sløyden blei det pussa, banka og lirka. På smia stod gnistspruten. På karveskurd var det stillhet og konsentrasjon. Og ute skein sola og lokka folk ut på fjorden ein tur.

 

Og på Strandafjellet heldt ein blid gjeng til. Dei fekk gå på ski både oppover, bortover og nedover.  Her er det to av gutta på bu-og fritid som nyt livet til fjells.

Vintersurf på Hoddevikja var eit anna alternativ som prosjektveke. Desse karane gir oss eit realistisk bilete av livet til havs.  Bakoversveis er ein livsstil.

 

Og KRIK-linja var på samling med andre liknande linjer i Hemsedal.  Der fekk dei m.a. leika seg mykje i gymsal, isklatra og testa kite-livet