LOGGBOKA 11.03.2018

Prosjektveke i mars

Årets siste prosjektveke er historie.

Det er litt rart at det allereie er begynt å bli «siste» av både det eine og det andre. Året går fort, og no er det berre 6 skuleveker igjen. Vi fyller som vanleg på med det beste vi kan finne på.

Først vil vi gratulerer Norske eventyr og Ekspedisjon med vel gjennomført langtur i Jotunheimen. Det blei kjøleg, gitt. Men først og fremst ein utruleg lærerik og fin tur i vinterfjellet. Eit av årets barskaste bilete vart det også:

Prosjekta denne veka var temmeleg forskjellege. Nytt i denne runda var Kort og godt,- ei variert veke med alt frå vannski og tubekøyring på fjorden til kakebakst og fine dagsturar. Her frå ein tur i Hjerteskogen i Trivselsskogen på Sandane:

Ganske mange var på skidagar på Stranda. Det vart mykje forskjellege skiaktivitetar, bla. toppturar i fine sunnmørsfjell. Ja, vi må faktisk innrømme at det er fint på Sunnmøre, altså,- sjølv om det sit langt inne for nordfjordingar!

Eit nytt prosjekt var også Jølstravatnet på langs langs toppane. I nabokommuna til skulen ligg nemleg eit veldig flott turområde med mulighet til å gå riktig mange fine toppar undervegs. «Eit megaprima prosjekt», som Anna Eggereie, ein av deltakarane, seier det.