Slagordet til Nordfjord folkehøgskule om å vere «Friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord» står seg.
Det å få vandre og klatre på bre er nytt for mange elevar. Vi har breane i umiddelbar nærhet til skulen og brukar sjølvsagt høvet til å bruke desse. Sjølv om isen mange stader smelter og trekker seg tilbake er det framleis utruleg mykje flott å oppleve på breen.
Av og til må faktisk vi i Nordfjord innrømme at det er veldig flott på Sunnmøre også. Difor er vi glade for å kunne ta ein tur i dei berømte Sunnmørsalpene av og til! Det var bratt og luftig, og veldig vakkert.
Vandring i vestnorsk natur er heilt uslåelig. UT og jakt-og fiske hadde nokre veldig flott dagar med sekk, hytte, fisking og deilig mat. Sånt er prima!
Surf´s up! OG vi er på! Stadtlandet sviktar aldri, og for mange vart det eit herleg førstemøte med komboen salt, sand og brett.