LOGGBOKA 26.03.2019

Matpause

Maten er som kjent minst halve føda

Ei god matpause på tur er uvurderleg. Å kjenne at energien kjem igjen i kroppen, at sola steiker i fjeset og at humøret stig. Mat på tur er meir enn berre nødvendig foring!

Å ete ute får ei ny betydning når ein har valfaget «Mat i det fri»

 

Mange seier at maten smakar best når ein har slite seg opp bratte bakkar og har utsikta framføre seg. Trur desse jentene er einige i akkurat det:

Det som i alle fall er sikkert er at med ein rykande kopp bålkaffi, så vert mange verdsproblem, og mindre problem, løyste.

Og av og til slår vi til og bakar inne også. Det smakar ikkje så verst, det heller. I alle fall ikkje når det er oppskrifta til sjølvaste Odd Harald inspektør.

 

Forsidefoto: Bjørne Mo Michalsen