LOGGBOKA 09.11.2019

Lovember

Vanskeleg å ikkje like veldig godt denne novemberen

Det er knallklare dagar, temperatur godt under null og nydeleg lys. Litt snødryss på toppane har fått dei største entusiastane til å leite fram skia.

KRIK har vore til havs, med noko vekslande hell når det gjeld båtbruk, men til gjengjeld med steike godt humør.

Skal det verte fisk må ein tidleg opp og ikkje klage. Eller i alle fall må ein tidleg opp.

Det skjer noko magisk i skumringa,- når lyset endrar seg og det sig over mot natt.  Sigrid Skjerve har vore på åleinenatt og har fanga stemninga slik:

Men det er også mykje futt og fart! Her er ein gjeng frå Fjellsport på fjelløping. Full kons og ein annleis og gøy måte å trene på.