LOGGBOKA 16.02.2019

Linjeveker og fjorårstreff

Forrige helg kom fjorårets elevar tilbake hit for å mimre og kose seg, og denne veka har det vore linjeveker.

Dei fleste kjenner til fjellvettreglane. Som du kanskje såg på framsidebiletet er vi i ferd med å innføre ein ny regel: hugs gitaren der du går! Det viste seg altså at isklatring og allsang med gitar var fine greier. Utover dette er isklatringa noko av det mange har gleda seg veldig til. Det er lett å forstå!

Som nevnt var det fjorårstreff forrige helg. Det er på alle måtar eit høgdepunkt gjennom året! Det å få kome heimatt betyr mange klemmar, gode pratar og mykje gøy. Fjellbygda Open var også i år med på å heve gøy-faktoren veldig.

 

Fleire klasser har vore i indre Nordfjord denne veka. Der fekk dei m.a. med seg ein heilt vanvittig fin laussnødag i Stryn.

Og så hadde nokre lyse hovud i Loen kome på at det å bygge igloo på toppen av Hoven var ein knakande god ide,- og utfordra våre elevar til å utføre arbeidet. To dagar opp og ned med den kule Hoven-bana,  søkkvåte kle og bra mykje jobb med spaden!