LOGGBOKA 15.04.2018

Linjeveke i vårsol.

No er det omsider litt skikkeleg vår i lufta. Og vi nyt det!

Det har vore linjeveke for alle, og vi har vel i grunnen brukt store deler av vest- og sør-Norge ganske bra.

Bu-og fritid har hatt ei flott veke på spenningskurs på Bjorli. Her har det vore veldig mange aktivitetar og gøy frå morgon til kveld. Det går også rykter om disco om kvelden! Sjå på denne fine gjengen!

Norske eventyr har kryssa Hardangervidda med veldig god hjelp av ein gjeng fine firbeinte. Dei er glade dess lengre tur det er utsikter til!

Som vi også har vist litt av gjennom veka så har Fjellsport gått Høgruta i Jotunheimen. Det er ikkje ein tur for pyser,- med rikelege mengder høgdemeter og slit, men til gjengjeld frykteleg mykje god utsikt og sterke opplevingar.

Her i nærområdet har det også vore heilt nydelege dagar. Det har medført aktiv tæænning, og lite kiting (ettersom det ikkje var særleg med vind). Men tur er tur!

Forsidefoto: Andrea Skagen