LOGGBOKA 03.03.2019

Lengre dagar, lengre turar

På denne tida av året blir det lysare, varmare og turane minst like fine som midtvinters!

Denne veka vinka vi til Norske eventyr 1 og 2 og Ekspedisjon som har lagt ut på langtur i Jotunheimen.  Dei går to ulike ruter, sjå kartet under. Dei har hatt heilt upåklageleg vær, og har bl.a. sendt heim bilete med soling på pulken til lunsj. Alle friske og fine, og klar for ei veke til ute i fjellheimen.

Jakta på nordlyset er big buisness. Ein skulle kanskje tru at ein må skikkeleg langt nord for å få sjå dette fenomenet, men det fins her hos oss også! KRIK-klassa fekk ein flot kveld i Jostedalen, med teltlys og dansande himmel.

I kategorien kortreiste eventyr er denne vekas kiting på Kleivane, rett ovanfor skulen. Der vart det testa og tryna og ledd mykje. Og Guro klarte til slutt målet for veka 🙂 :

Forsidefoto: Marie Klippen