LOGGBOKA 08.04.2019

Langturar i aust og vest og nord og sør

No har det vore ein periode med fleire lengre turar. Felles er at folk har det heilt knall på tur.

Den einaste linja på Nordjford som reiser ut av Europa er KRIK-linja. Dei er no på tur på Bali, pga samarbeidet vi har med KRIK Bali og dei gode surfemulighetene. Alle rapportar tyder på gode temperaturar og mykje bading. Og eit ganske høgt hopp for dei aller tøffaste:

https://www.instagram.com/p/Bv0wqQ4jqKf/

Norske eventyr har vore på Hardangervidda og køyrt med hundespann. Ei heil skuleveke utan dekning og med masse kos med hundane.

https://www.instagram.com/p/Bv4JKrcJaAY/

Ski og surf har hatt Ski og segl som tema, noko som vart ei heilt uforgløymeleg veke på Sunnmøre. Skulen si Seglbåt tok klassa med rundt Stadt, og inn i rolege fjordar med flotte toppar kvar ein snur seg. Mykje fin skikøyring vart det også!

https://www.instagram.com/p/Bv3fRxTJGkk/

Fjellsportklassa sin klassefinaltur er Høgruta i Jotunheimen. Det er ein tur med tusenvis av Høgdemeter og ein rå natur som verkeleg kan ta pusten frå folk.

Les meir om Høgruta her: https://høgrutajotunheimen.no

https://www.instagram.com/p/Bv7EQgDBXQ6/

Jakt-og fiske har vore på gåsejakt på Nordmøre. Det blei nokre fine gåsesteiker, og nokre veldig fine solnedgongar!

https://www.instagram.com/p/Bv4_gs8D1gq/

Og etter ei slik veke er det deilig å berre rulle litt rundt i bygda i helga