Etter forrige vekes heidundrane seglas, var det tid for å pakke om og kome seg avgårde på tur igjen.
Norske eventyr 1 og 2 og Ekspedisjon har gjennomført sine tidagers-turar. Ekspedisjon oppheld seg i Femundtraktene og skal bruke både kano og beina for å ta seg fram i eit verkeleg fint austlandsområde, frå Synnervika i nord og med Røros som mål. Her er kartutsnitt frå størsteparten av turen:
Og Norske eventyr har reist til Lofoten for å oppleve noko av alt det flotte dette området har å by på. Sjå kor fint motiv Andrea Olsen har fanga:
Meanwhile, in Voss:
Vind og vatn har testa elva si kraft og fått veldig mykje moro på kjøpet.
Geiranger ligg rett rundt hjørnet for Nordfjord. No når turistskipa har slutta å gå for sesongen passar det bra å sleppe til andre folk som forurensar vesentleg mindre, Fjellsport nyt Geirangerfjorden frå eit litt lavare punkt enn øverste dekk.
Bu-og fritid og Ski og surf har hatt kystveke på Smørhavna. Der klarte dei å lure litt forskjelleg i både garn og teine, Erica viser fram den aller beste (og største) overraskelsen:
Jakt og fiske gjer meir enn å springe i skogen etter dyr. På ein dag med vind og hagl tok dei seg til toppen av Via ferrata i Loen.
KRIK har vore i Hemsedal og opplevd at hausten og vinteren kjempa om plassen.
Forsidefoto: Erin Tschida