LOGGBOKA 01.12.2019

Lær å løyse problem

Livet er fullt av små og store utfordringar. Av og til er dei til og med av stein.

Fjellsportklassa med div. forsterknignar har vore på tur til Frankrike for å kose seg med å løyse buldreproblem. Turen gjekk sjølvsagt med tog!

Fountainbleu, eller i vårt kretsar, Font, er ein kjent destinasjon for buldring. Klimaet og geologien spelar kvarandre gode,  og gir rom for buldring på mange nivå.

Klassa budde ikkje langt frå feltet, og kunne difor bruke sykkel til og frå. Det er både eit bra miljøalternativ, og ein koselig måte å bli kjent i nærområdet på.

Nokre syntes dagane vart for korte, og tok hovudlykta i bruk for å få full utnyttelse av opplegget. Det funka openbart som fjell.

Med Paris rett i nærleiken var det mange som tok seg ein tur inn dit for å være ordentlige turistar.  Det var eit fint avbrekk for såre fingrar og støle muskler.

Forsidefoto: Olav Berger