LOGGBOKA 07.09.2019

Knall oppstart

Vi er alltid spente når eit nytt skuleår startar. Heldigvis har vi fått ein drømmegjeng med elevar også i år!

Dei første vekene på folkehøgskule er fullpakka med sosialt liv, turar og mykje gøy. Mange opplever nok at det både er veldig intenst og veldig lærerikt.  Og ikkje minst: at det går an å treffe folk å bli kjent med ganske fort.

Alle linjene har vore avgårde på dei første turane saman. For jakt-og fiskeklassa sin del vart det  heilt maksimalt treff på første tur,- ein skikkeleg voksen villreinbukk møtte sin overmann i fjella rett bak skulen. (ja, det stemmer faktisk. Det er  villreinstamme i kommunen)

Vi er i slutten på sommaren, starten på hausten, og mange drøymer allereie om vinteren! Nokre heilt spesielt ivrige elevar la i veg for å finne snø og toppturmuligheter allereie andre helga på skulen. For Norske eventyr vart det også møte med snøen denne veka. På Skåla lava det ned!

Elevepadling er nytt for dei fleste og veldig, veldig gøy! Her tar vi med ein liten snutt som heilt sikkert beroliger foreldre som lurer på kva vi eigentleg driv med her på skulen (klikk deg heilt igjennom bilda til Cecilie Helgeland)

Forsidefoto: Emma Kvalheim