LOGGBOKA 02.09.2018

Ikkje nokon slow start

Det er berre to veker sidan skulestart, men det kjennes allereie som om folk har vore her leeeenge!

Det går forbausande fort å bli kjent med nye folk på folkehøgskule. Ein har eigentleg ikkje noko val,- i alle fall ikkje på Nordfjord, for her er det jo tur og opplegg heile tida.  Det ser vi at dei nye elevane set veldig pris på!

Denne veka har alle vore på linjetur med klassene sine. Då klinkar ein til med skikkeleg fine prosjekt i Nordfjord. Her er det berre så innmari mykje fint å by på! Her kjem nokre bilete-glimt frå dei ulike klassene sine opplegg:

Norske eventyr 1 har vore på segltur til Rugsund og topptur til Hornelen, ei av Europas høgste sjøklipper:

Ekspedisjon har vore på brekurs på Haugabreen:

Jakt og fiske har gått frå Årdal i Jølster gjennom Blådalen og tilbake til Gloppen, med godt fiskebett undervegs:

Fjellsport har fått med seg litt forskjelleg denne veka,- blant anna har dei vore med på sauesanking i meget fine omgivelsar:

Bu-og fritid har hatt sin årlege blåbærplukke-tur til nabotunet til skulen. God stemning!

Vind og vatn har rodd til andre sida av fjorden og gått på Hyeneshesten. Ein av våre amerikanske elevar er så begeistra at ho allereie skirv på norsk:

Ski og surf lever opp til namnet og har surfa i vei i Hoddevikja:

KRIK har m.a. testa samarbeidsevnene sine i skogen:

Forsidefoto: @eventyrglimt