LOGGBOKA 03.02.2019

Høyrde vi pudder?

Enkelt spørsmål, enkelt svar: JA!

For ganske mange på skulen er draumen om å puddersnø nærmast konstant. For andre har ein no dei siste vekene oppdaga kva dette kan handle om.  Og det er kjensla av å flyte, av å ha kontroll og av å kunne tryne og lande med stor entusiasme og lav risiko.  For Ski og surf-klassa som er på pudderjakt no i eit par veker er dette blitt ein del av den daglege rutinen!

Denne veka hadde vi også mykje vind i segla,- særleg dei som fekk teste kiting. For dei aller fleste er dette noko dei ikkje har testa så mykje før, og glisa er temmeleg breie når ein får dette til å funke.

 

Ein del av klassene våre skal på langturar rett over vinterferien. Dei er i gong med å trene på pulktrekking, og det kan jo faktisk vere ei veldig vakker treningsøkt:

Men vi er ikkje berre ute heile tida: no i helga var det tid for den ganske uhøgtidelege, men prestisjetung Gloppe-meisterskapen i innandørsklatring. Fjellsport-linja var med som arrangørarar. Det vart klatra i ulike klasser, og det var spennande både for publikum og dei som deltok heilt til siste slutt. Mykje imponerande klatring!