LOGGBOKA 29.09.2019

Herleg haustveke

Elevane har erfart at det kan regne litt på Vestlandet, men denne veka har vist at hausten også kan vere HEILT prima her vest.

Smeiging i september (sjekk med ein sørlending i din nærleik som kan forklare deg kva dette er). Det var i alle fall det Ski og surf, og Bu og fritidsklassa opplevde i Smørhamn heilt ute ved enden av Nordfjorden! Pluss masse deilig mat frå havet.

 

KRIK har vore høgt og lavt denne veka,- inkludert Via Ferrata i Loen og bretur på Haugabreen.  Her fekk ein testa både høgdeskrekken og isen si bærekraft. Kaldt og heilt rått.

Det er luftig på toppane, og særleg i Molladalen! Dette er jo midt i blinken for Fjellsport-klassa. Dei har fått klyve og klatre og rangle både tidleg og seint. Det har vore fantastisk lys, god temp og generelt ein stor opplevelse.