LOGGBOKA 30.03.2019

Havet og livet

Havet er ganske stort og fint å leike med.

Å få teste ut surfing er veldig gøy! Ein får litt ekstra respekt for kreftene i havet, og gleda over å mestre noko av dette er stor.

Ein kan jo ha det veldig fint om ein berre står rett ved sidan av sjøen også, og er i ferd med å dra inn middagen.

Nokre syns likevel det beste med sjøen eller havet er muligheta til å kunne hive seg uti. Dei fleste lata lenge som om det var både triveleg og deilig.  Tidenes faking.

Til slutt tek vi med eit ordentleg vårteikn (som om bading ikkje er det!). Men her er ein kjekk liten tjeld, som held på tradisjonen med å kome tilbake frå vinterferie sånn ca i mars.

https://www.instagram.com/p/BvNKPCxAh2c/