LOGGBOKA 13.01.2019

Hallo, snøen!

Vi har venta lenge no. Men så kom endeleg snøen.

Og når snøen kjem er det viktig å vere bra rusta for å gjere trygge og gode val. Difor har heile skulen gjennomført skredkurs denne veka. Først ein dag med praksis, og så to dagar i felt. Her vart det lært mykje livsviktig. Sondre på KRIK-linja filma dette overblikket,- og viser i tekstfeltet at han også har fått med seg det viktigaste!

Vi vektlegg sjølvsagt sikkerhet veldig tungt. Samtidig er snøen og vinteren verdens beste leikeplass! Og folk var ikkje seine med å bruke det kvite gullet. No kryssar vi fingrane for at kulden berre skal vaaaaaare…..!