LOGGBOKA 11.01.2020

Godt nytt år!

Vi har lagt bak oss første semester av skuleåret 2019-20, og er allereie godt i gong med det nye året!

Ved inngangen til 2020 har det vore orkan på Vestlandet, og i det nye fylket vårt Vestland, opp til fleire gongar. I tillegg har det vore solide mengde nedbør. Det er altså ideelle forhold for stor snøskredfare. På Nordfjord fhs jobbar vi veldig mykje med å kurse opp både elevar og tilsette for å kunne gjere trygge valg på vintertur. Difor har denne første veka stort sett gått med til skredkurs, både teori og praksis ute i felt.

Sjølv om skred er ein svært alvorleg tematikk er det sjølvsagt også tid til moro på tur. Og som vanleg dukkar det alltid opp ein Jerry of the Day 🙂

 

 

https://www.instagram.com/p/B7Hfvh3Hc84/

Forsidefoto: Therese Sofie Dørum