LOGGBOKA 25.03.2018

God påske!

Oj- der surfa vi visst inn til påskeferie allereie!

Jammen gjekk tida frå vinterferie til påske fort! Vi er supertakknemlege for å ha hatt så utruleg mange fine dagar på tur også i denne perioden. Tysdag denne veka heiv alle seg rundt og det blei felles skitur til anlegg i Stryn. Fine greier, og mykje fin stil på ski!

Var forresten mykje god stil resten av veka også, eigentleg:

Som sagt, så var det nokon som rett og slett surfa inn påska. Det er framleis kjøleg på Stadt, men veldig fint. Vilde Floeng har tatt bilde av vegen ned mot Hoddevikja og surfcampen der. Ikkje rart at dette er ein skikkeleg hot spot for surfere frå heile verda!

No syns vi kanskje det er eit visst preg av vår også ute. Sjå berre kor fint det var på fjorden då Hanne Markegård var på kanotur denne veka:

Vi ønskjer alle ei god påskefeiring på hytta, ved fjorden, i båten, på fjellet eller heime. Nyt dagane og sola som stadig varmar meir!